Silje Norendal - Silje Norendal (18) er klar for sitt første X Games i Aspen, USA. - Foto: Ole John Hostvedt/Laagendalsposten /

Silje Norendal (18) er klar for sitt første X Games i Aspen, USA.

Foto: Ole John Hostvedt/Laagendalsposten

Desse fryktar Norendal før X Games-finalen

Ho er handplukka til konkurransen ho har fantasert om heile karrieren. Fredag køyrer stortalentet Silje Norendal sitt aller første X Games.

– Eg har drøymt om å konkurrere i USA sidan eg var fem år gamal. Det var utruleg stort å få invitasjonen, ein utruleg god kjensle, seier Norendal til ESPN framfor X Games i Aspen, USA.

Norges største snowboardtalent på kvinnesida er endeleg der ho har jobba knallhardt for å komme.

Fredag skal ho måle seg mot verdas aller største snowboardnamn i verdas største slopestylekonkurranse for kvinner.

– Eg har begynt å gle meg veldig!, fortel 18-åringen.

Dette er Siljes favorittar

Bare 17 år gamal tok ho sølv under European X Games i fjor. Etter nokre månaders sesongoppkøyring i USA er det klart for dette årets første store prøve.

I X Games møter ho mellom andre Jamie Anderson som tok gullet då Norendal måtte nøye seg med 2. plass under European X Games i fjor.

I tillegg ventar andre storkanoner for 18-åringen.

– Ei jente som blir vanskeleg å slå er definitivt Enni Rukajarvi. Ho landar dei triksa ho vil lande, seier Norendal.

– I tillegg er det Jamie Anderson og Spencer Bryan. Dei køyrer også veldig bra for tida. Dei er i fyr og flamme, og blir vanskelege å slå, seier ho.

Saka held fram!

Norendal - Silje Norendal, amerikanske Jamie Anderson og Finlands Enni Rukajarvi kunne juble på podiet i European X Games i fjor. Fredag møtes dei igjen. - Foto: JEAN-PIERRE CLATOT / Afp

Silje Norendal, amerikanske Jamie Anderson og Finlands Enni Rukajarvi kunne juble på podiet i European X Games i fjor. Fredag møtes dei igjen.

Foto: JEAN-PIERRE CLATOT / Afp

Ikkje som dei andre jentene
Snowboard - Spencer O'Brien er ei av Norendals podiefavorittar framfor X Games-finalen i slopestyle. - Foto: Arno Balzarini / Ap

Spencer O'Brien er ei av Norendals podiefavorittar framfor X Games-finalen i slopestyle.

Foto: Arno Balzarini / Ap

Interessa rundt stortalentet blir bare større med deltakinga i X Games. Og med VM i vente kan Norendal raskt bli den nye jenta alle snakkar om i snowboardsirkuset.

– Silje er i verdstoppen. Ho har triks som dei fleste jenter ikkje tar, seier trenar Per Iver Grimsrud.

Også landslagssjef Thomas Harstad har følgd eleven seie utvikling dei siste åra, og er overbevist om at ting kan klaffe godt under dei to største konkurransane denne sesongen.

– Om ho køyrer like målretta som ho har gjort til no, trur eg ho absolutt kan vere ein av favorittane både i X Games og VM, seier Harstad.

– På ein god dag kan Silje hevde seg heilt i toppen, men ho er her først og fremst for å lære, legg han til.

VIDEO FRÅ ARKIVET: Silje tar nye steg med gutane

Video Silje trener med gutta - Foto: Nyhetsspiller /

Silje trener med gutta

– Ho må bli tøffare

Men framleis har jenta frå Kongsberg ein del å gå på for å bli suveren i slopestylebakken, meiner landslagssjefen.

– Ei av utfordringane til Silje er å ta steget eit hakk opp. Ho må bli litt tøffare, få betre fysikk og ikkje vere redd for å ta sjansar og det å skade seg, seier Harstad.

Men det rår tydeleg liten tvil om at jenta har komme for å bli i eliten. Og om det ikkje lukkast i konkurransen fredag, får ho ein ny sjanse under VM på heimebane om knappe tre veker.

– Ho kan lett få ein pallplassering der, sa landslagskjøyrar Roger Kleivdal (23) til NRK.no tidlegare denne sesongen.

PS! Silje Norendal vil etter konkurransen heidre tidlegare lagvenninne Sarah Burke som døydde etter eit fall på trening tidlegare i januar. OL-vinnaren i fristil blir fredag minna med fakkeltog under verdas største actionsportfestival i Aspen.

Siste nytt

  • The Sun: – Solskjær får sparken

    Ifølge engelsk tabloidpresse får Ole Gunnar Solskjær sparken i Cardiff. Dette er ikke bekreftet.

  • Ole Kristian Bryhn - Foto: Norges Skytterforbund /
    Foto: Norges Skytterforbund

    Ny norsk medalje i skyte-VM

    Ole Kristian Bryhn tok sin fjerde medalje i VM i skyting da han tok sølv på 300 meter standardrifle halvmatch onsdag. Han avsluttet sin halvmatch med tangering av verdensrekorden på 587 poeng, men ble slått av franske Cyril Graff.

    Odd Arne Brekne ble nummer sju med 582 poeng og Kim Andre Aannestad Lund nummer åtte med 581 poeng.

  • Valbuena tar pause etter operasjon

    Den franske midtbanestjernen Mathieu Valbuena (29) mister minst to kamper for Dinamo Moskva etter at han opererte bort blindtarmen tidligere i uken.

    Valbuena har scoret to mål og slått fem målgivende pasninger på åtte kamper etter den overraskende overgangen til russisk fotball.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM-kvalifisering fotball kvinner Norge - Nederland
VM-kvalifisering fotball kvinner: Norge - Nederland