– Ho har det forferdeleg vondt nå.
Larviks fysioterapeut Guro Horten Solberg har akkurat vore inne i Larvik-garderoben hos Nora Mørk. For sjølv om Larvik vann 30-20 over Vipers Kristiansand og sikra seg semifinaleplass i cupen var det lite jubel i garderoben.
Vrei seg i smerte
For berre nokre minutt før sluttsignalet gjekk i Larvik arena skjedde det handball-Noreg kanskje fryktar mest ein drøy månad før VM i Danmark.
Ei Nora Mørk – landslagets kanskje viktigaste spelar, som vrir seg i smerte på parketten.
– Nora fortel at det var eit reint overtråkk. Det er veldig vanskeleg å seie kor alvorleg det er no, seier fysioterapeut Solberg til NRK litt før 22.00 tysdag kveld.
På veg full fart mot Vipers-målet fekk Mørk ein motspelar over foten og såg ut til å få ein vridning i den venstre ankelen. Båra kom fort ut på parketten, men Mørk klarte å kome seg ut av banen ved hjelp frå lagvenninnene Gro Hammerseng-Edin og syster Thea Mørk.
Hammerseng-Edin var redd for at Nora Mørk hadde pådratt seg enda ein alvorleg kneskade.
– Frå der eg stod, såg det ut til å ha gått utover kneet. Men det er nesten lettande å høyre at det er ankelen. Det er ofte ikkje like ille, sa Hammerseng-Edin til Eurosport Norge etter kampen.
Reint overtråkk
Nå skal Mørk undersøkast vidare i morgon tidleg før det blir bestemt om ho eventuelt blir med på flyet til Slovenia.
Der møter Larvik Krim Ljubliana i meisterligaen fredag.
– Det varierer veldig kor lenge ein er ute etter eit overtråkk. Me må sjå korleis det ser ut etter at me har undersøkt meir i morgon.
– Er det så alvorleg at VM kan vere i fare?
– Det er umogleg å seie nå i kveld. Nora er veldig fortvila og har gjort sine tankar, seier Solberg som ikkje kan utelukke at det er snakk om brot i ankelen.