– Eg er overraska over at den gjekk inn. Eg hadde så mykje krampe og syre i beina akkurat då, seier ein letta Andreas Martinsen til NRK.
Colorado Avalanche-spelaren si matchvinnarscoring berga alt for Norge, som sleit mot Sveits i siste del av kampen.
Norge leia 3-1 før tredje periode. I den siste perioden reduserte Sveits først ein gang, så ga dei alt for å få utlikninga.
Norge heldt unna heilt til det stod igjen ti sekund. Då utlikna Sveits og kampen gjekk til overtid.
– For å vere heilt ærleg føles dette bittert, men vi må jo vere fornøgde med at vi slår Sveits til slutt, seier Norges første målscorar Martin Røymark til NRK.
– Den var tung, seier Mathis Olimb om Sveits-utlikninga.
SJÅ DEN DRAMATISKE UTLIKNINGA:
Irritert landslagssjef
Også landslagssjefen var forbanna då Sveits fekk inn det siste målet like før slutt.
– Eg er irritert på at vi ikkje klarer å vinne dette i ordinær tid. Men sett under eitt gjør vi ein veldig bra kamp, seier landslagssjef Roy Johansen.
Martinsen: – Deilig
Heldigvis makta Norge å komme tilbake endå ein gang. I speleforlenginga dunka Andreas Martinsen inn 4-3 og Roy Johansens menn kunne juble for triumf og to uhyre viktige poeng i VM.
– Det var deilig å sjå den gå inn, seier Martinsen.
– Det er veldig viktig å slå tilbake sånn som situasjonen i gruppa er no, legg han til.
Olimb-brødrene herja
Norge fikk ein tung start med sveitsisk overtallsscoring allereie etter 2.27 minutt.
Lars Volden i det norske målet slapp ein enkel puck, og Samuel Walser fekk pirka pucken så vidt over målstreken.
Det første norske målet i VM kom då Ken Andre Olimb utlikna til 1-1 i overtall. Bror Mathis Olimb leverte pucken som ga scoring.
Martin Røymark stod for 2-1-målet før det igjen var klart for Olimb-show.
På 3-1 var det Ken André som assisterte, og Mathis som auka til tomålsleiing.
Slik er Norges veg vidare i VM
Måndag er det kviledag. Den kan dei norske spelarane nyte med låge skuldre.
– Det er veldig viktig for laget at vi tar med oss to poeng no. Det blir mykje enklare å førebu seg til neste kamp, seier landslagssjef Johansen.
Norges neste motstandar er Kasakhstan. Så ventar Tsjekkia, Sverige, Russland og Latvia.
Dei fire beste i gruppa går til kvartfinale. Laget som endar sist rykker ned.