Det var fjerde runde i ligacupen. Ein runde i ein cup ingen av storlaga brukar å stille med toppa mannskap i. Men ein hardt pressa Jose Mourinho våga ikkje å ta i bruk reservene denne kvelden. Med tre tap på dei fem siste kampane skulle kjerringa reisast i ligacupen.
Costa måtte ut med skade
Derfor nekta Mourinho å stille B-prega og sendte ut nesten det same laget som tapte mot West Ham i førre seriekamp, med Eden Hazard, Diego Costa og kaptein John Terry i spissen.
Men motgangen skulle ikkje snu for «the Special one» denne kvelden heller.
Lenge såg Stoke ut til å cruise vidare frå ligacupens fjerde runde med 1-0 leiing. Men franskmannen Loic Remy som kom inn for ein skadd Diego Costa redda håpet for bortelaget på overtid.
I tillegg fekk Stokes Phil Bardsley raudt kort i dei tillagte minutta og alt såg derfor ut til å gå Chelseas veg. Willian og Remy kom begge til store sjanser og Chelsea køyrde på høggiret for å sikre sigersmålet i ekstraomgangane.
Det kom aldri.
Gjekk til straffer
Ligacupens fjerderunde skulle avgjerast på straffer, der det alltid blir ein syndebukk. Og hadde du sett pengar på kven denne syndebukken skulle vere akkurat i kveld, hadde du kanskje tippa rett.
For den belgiske stjerna Eden Hazard har langt frå vore sikker frå straffemerket i år. I meisterligakampen mot Maccabi Tel Aviv i september gjekk det heilt skeis og Hazards svake straffe blei ein farsott på nettet.
I kveld ser ikkje straffen like komisk ut, men belgiaren blir den den einaste som bommar på straffe når Stoke keeper Jack Butland reddar og sender heimelaget vidare i ligacupen til ellevill jubel på heimebane.
Jose Mourinho og Chelsea som er på ein svært svak 16.plass i Premier League får nok ein tung kveld og kan heller ikkje trøyste seg med cup-avansement.