– Ein er jo med på dette for å vinne renn. Eg er ikkje interessert i å vere listefyll lenger, seier Haugen.
For no er 25-åringen lysten på betre plasseringar. Med flest skidagar av alle på treningsleiren i Sør-Amerika i haust, vil Lars Kristian Haugen klatre oppover på listene.
Søndag er det verdscupopning i Sölden – eksakt same stad og bakke som Haugen debuterte for fire år sidan.
Ringde sportssjefen, fekk verdscupplass
– Dette var vilt og moro, sa då 21 år gamle Haugen etter verdscupdebuten 25. oktober 2009.
Den no 25 år gamle mannen, som køyrer for Lommedalen IL og Noreg, hadde nettopp køyrt inn til 26. plass og sine første verdscuppoeng.
Grunnen til at han faktisk køyrde verdscupopninga i 2009: Han hadde ringt dåverande sportssjef Jørund Li og sagt at «No var han klar!».
– Eg sa til forbundsleiinga at eg var klar for å køyre i Europa og vise meg fram, men det var jo eit spørsmål om Noregs Skiforbund var klar for meg, fortalde Haugen.
Svaret frå forbundet var positivt. No har det gått fire år og mange verdscuppoeng, men topplasseringane har uteblitt.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
God i berre éin omgang
– Eg har tatt eit nytt steg denne sommaren. Eg har verkeleg gått i meg sjølv og funne ut kva eg må bli betre på. Og eg har jobba steinhardt for å bli betre på akkurat dei tinga, slår han fast.
Haugen har ved fleire anledningar vore nære i både slalåm og storslalåm. Den hittil beste plasseringa til Haugen var i Madonna, Italia,
.Å køyre to gode omgangar har vore ei utfordring så langt. Det stadfestar eit søk på «Leif Kristian Haugen» i NRK-arkivet:
«Glimrande andre omgang av Haugen», «Haugen køyrde sin beste omgang noko sinne» og «Haugen inn til sterk tredjeplass etter første omgang», er mellom overskriftene ein kan leite opp.
– Har stabilisert seg
– Eg har ein tendens til å bli litt for tent. Det er ikkje det at det er eit problem å kjenne på å ligge godt an, men eg vil kanskje endå litt meir då.
– Det er vel kanskje at det normale er godt nok, meiner Haugen.
Etter mykje trening, og fleire års erfaring, ser 25-åringen ut til å ha funne stabiliteten.
– Han har stabilisert seg. Du står ikkje lenger nede i bakken med følelsen av at det no kan gå ut, seier landslagssjef Håvard Tjørhom.
- Les også:
Haugen, og resten av mennene, opnar altså i Sölden, Austerrike førstkomande laurdag. Første omgang kan følgjast direkte klokka 09.20 på NRK1. Før den tid skal kvinnene i aksjon, då på laurdag klokka 09.25 - også direkte på NRK1.