– Eg tapte med nokre få stemmer sist, og hadde ikkje stilt opp igjen dersom eg ikkje trudde at eg kan vinne, seier Hansen.
Hansen er på plass i Bled i Slovenia, der det europeiske friidrettsforbundet har sin årlege kongress.
Han stiller som kandidat til presidentvervet i det europeiske friidrettsforbundet (EAA). Det gjorde han også i 2011. Då trudde han at han hadde minst 30 røyster bak seg. Men ved valet tapte han med 22 mot 28.
Siste flyet heim
Også denne gongen er han optimist. Så optimistisk at han har bestilt plass på siste flyet heim søndag kveld. Det er etter at det nyvalde styret har hatt sitt første møte.
Ei av dei første sakene han må ta tak i, dersom han blir vald, er det mange oppfattar som kimen til ein konflikt mellom dei europeiske OL-organisasjonane (EOC) på den eine sida og friidrettsforbundet og andre europeiske særforbund på den andre.
– Eg ser ikkje på det som ein konflikt. Men vi må snakke saman og få strukturert dette, seier Hansen.
Dei EOC-arrangerte European Games er ei nyskaping som skal ha si første utgåve i Baku i juni i år. Men friidretten er nesten fråverande. Berre lag-EMs 3. divisjon, der Aserbajdsjan deltek, står på friidrettsprogrammet under leikane.
– Feil signal
– Det meiner eg er ein feil tankegang. Andre idrettar stiller med sine beste utøvarar. Vi skal vere med i konkurransar, vi skal vise oss fram og la dei aktive få delta, seier Svein Arne Hansen (68).
I 2018 skal friidrett inngå i
. Avtrappande president i det europeiske friidrettsforbundet, sveitsiske Hansjörg Wirz, .– Om eg blir vald til friidrettspresident, vil eg så snart som råd er møte presidenten i dei europeiske olympiske komiteane. Så får vi sjå om vi kan samordne interessene våre.
– Eg meiner vi skal konkurrere også i European Games. Det er eit feil signal når vi berre har med nasjonar på fjerde nivå, seier Svein Arne Hansen.
Berre to av konkurransedagane omfattar friidrett, og det i eit arrangement som går over like lang tid som eit sommar-OL. Mesten like mange øvingar er det også.
– Ukjent for oss
Men Svein Arne Hansen undrar seg meir over European Sports Championship, som vart kjent like før påske i år.
– European Sports Championship er ikkje diskutert med oss, så vidt eg veit. Vi visste ikkje om det før rett før påske, og eg vil gjerne vite meir om planane. Friidretten er ikkje tekne med på råd om dette, eg håpar vi får vite litt meir på kongressen denne helga, seier Hansen.
– Uansett meiner eg friidretten må vere sterkt til stades under European Games, seier han.
– Vi kjem til å ha EM som planlagt, og det vil alltid stå på eigne bein, også om det er saman med andre meisterskap. EM i Berlin blir ein suksess uansett, seier Svein Arne Hansen.
. Det neste går i 2019, arrangør er ikkje bestemt.
Ser positivt på European Games
Han har mykje positivt å seie om European Games.
– Det er eit gigantarrangement, med mange idrettar og med stor tv-dekning, seier Hansen om «Europa-leikane» i Baku, som opnar 12. juni og blir avslutta 28. juni.
– Friidrettsdeltakinga der er ikkje god nok, seier Hansen. – Vi må få idretten vår inn der på eit mykje høgare nivå.
Og han kan få sjansen til å gjere noko med det. Laurdag takkar Hansjörg Wirz av etter 16 år i jobben. Hansen er ein av kandidatane til å overta. Han skal kjempe mot franske Jean Garcia og finske Antti Pihlakoski.
Berre for ein periode
Blir Hansen vald, blir det berre for ein periode på fire år. Han stiller ikkje til attval neste gong, i 2019. Årsaka er at reglane ikkje tillèt kandidatar som har fylt 70 år. Ved neste presidentval vil Hansen nærme seg 73.
– Det er berre ein fordel, seier Hansen. – Om eg blir vald no, kan eg konsentrere meg om friidretten i alle dei fire åra, og stå heilt fritt utan å tenkje på å bli vald på nytt. Det er ein klar fordel i ein situasjon som heilt sikkert kjem til å krevje direkte handling og tøffe avgjerder som ikkje kan utsetjast, seier han.
Hansen har vore sentral i norsk og europeisk friidrett i snart 50 år. I 1985 overtok han leiinga av Bislett Games etter legendariske Arne Haukvik, og hadde jobben til 2009. Sidan 2003 har han vore president i Noregs friidrettsforbund. Frå 2007 til 2011 var han visepresident i det europeiske friidrettsforbundet.
– Mitt kandidatur (som friidrettspresident) er basert på trua på at eg har vore ein leiar som har levert positive endringar som president av mitt nasjonale forbund, skriv Hansen på si valkamp-heimeside
– Trekke fleire unge til friidretten
– Kva blir di viktigaste arbeidsoppgåve dei fire neste åra dersom du blir vald som europeisk friidrettspresident?
– Det blir å trekke fleire unge til friidretten. Det er stor konkurranse om talenta – her i Noreg mest frå fotball og langrenn, i andre land er det andre idrettar som vi konkurrerer mot. I mi tid som friidrettspresident har vi greidd det bra, med mellom anna TINE-stafettane. Og det trur eg andre land har lagt merke til, seier Svein Arne Hansen.
I sin
tek han også til orde for nye konkurransar for – og finansiering av – dei beste yngre utøvarane, under 23 år.I august får Europas nye friidrettspresident også ny kollega i det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF. Senegalesaren Lamine Dick går av etter 16 år, og mykje tyder på at det blir etterfølgjar frå Europa. Dei legendariske tidlegare utøvarane Sergej Bubka og Sebastian Coe er dei to mest sannsynlege kandidatane.