Hopp til innhold

Hedin i harnisk etter Island-tap

I eit bikkjeslagsmål av dei sjeldne blei Island for sterke mot Norge. Etter kampen fekk dommaren verkeleg gjennomgå.

Hedin

Like etter at den danske dommaren blåste av kampen mellom Island og Norge, fekk han straks trenar Robert Hedin i strupen. Også Bjarte Myrhol var rasande etter tapet i sluttsekundene.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Mamelund

Erlend Mamelund varta opp med storspel for Norge, men det hjalp så lite når Island sette inn støtet mot slutten av EM-oppgjeret i Serbia.

Foto: IVAN MILUTINOVIC / Reuters

– Det kan ikkje bli mykje verre enn dette. Det er synd at så rutinterte dommarar ikkje klarar betre. Men det kan vi ikkje endre på no, seier Robert Hedin til TV2 etter kampen.

Etter norsk storspel gjennom heile det viktige EM-oppgjeret knytta det seg verkeleg til då Island tok igjen Norges leiing mot slutten.

Og på 33-32 til Island, med sekund igjen å spele, oppstod situasjonen som fekk Norges keeper, Ole Erevik, og trenar Robert Hedin til å rase.

Dei ropte nemleg på straffe då Bjarte Myrhol blei tatt i motstandarfeltet. Men dommaren lot seg ikkje påverke, og i staden kunne Robert Gunnarsson sette spikeren i kista med sigersscoringa til 34-32.

Etter kampen ga både Hedin og Erevik dommaren huden full, og sa akkurat kva dei meinte om den avgjerda.

Myrhol: – Magefølelsen seier straffe

– Mange seier at det er straffe, men det kjem jo frå subjektivt hald. Ingen hadde reagert viss han hadde blåst. Magefølelsen seier at det var straffe, seier Bjarte Myrhol om den kontroversielle situasjonen etter kampen.

– Men var ikkje dette den store sjansen til å slå Island, slik kampen utvikla seg?

– Eg føler at eg har stått her og svart på same spørsmålet tidlegare. Det er tungt. Men det kulaste med lagidrettar er at ein kan snu dette saman. Får eg straffe og vi scorar får vi heilt andre spørsmål etter kampen. Dei store spelarane avgjer slike kampar. Slik gjekk det ikkje for oss i dag, seier Myrhol til NRK.

Mamelund-show

Grupperivalane frå Island måtte ta poeng for å henge med i kampen om mellomspel-plass i EM.

Med poeng var Norge sikra avansement, men då måtte dei ha ein meget god dag mot dei fysisk sterke naboane i vest.

Og islendingane fossa som venta i angrep etter avkast, og viste tidleg at Norge kunne få ein tung dag om dei hurtige pasningskombinasjonane heldt fram.

Men Norge hadde eit uromoment som Island ikkje hadde venta skulle blomstre onsdag kveld:

Erlend Mamelund herja nemleg med motstandarane, og frustrerte trenar Gudmundur Gudmundssons menn med nettkjenning på nettkjenning.

Den langhåra storspelaren noterte seg for heile sju scoringar til pause - over dobbelt så mange scoringar som han sette mot Slovenia i opningskampen måndag.

Haslum-spelaren enda opp med ti mål totalt, og blei Norges toppscorar.

Bikkjeslagsmål

Med godt grep på Island leia Norge med overraskande 20-18 til pause.

Og bikkjeslagsmålet heldt fram etter kvilen. Norge var oppe i firemålsleiing midtvegs i omgangen, men Island pusta rivalane stadig i nakken.

I perioden då Island var nærast utlikning stod Håvard Tvedten og Einar Riegelhuth Koren fram for å halde motstandarane unna.

Ti minutt før det heile var over leia Norge heile 29-26.

Saka held fram!

Mamelund

GIGANTANE: Erlend Mamelund såg lenge ut til å bli den store spelaren i EM-oppgjeret onsdag. Men i staden var det motstandar Robert Gunnarsson som sikra to livsviktige poeng for naboane i vest.

Også Mamelund heldt fram herjinga, men då sju minutt stod igjen var Island likt. Resultatlista viste 30-30, og dramaet i kampen tok seg kraftig opp.

Heilt på tampen kjempa Island seg i føringa. Robert Gunnarsson og Asgeir Ørn Hallgrimsson beit tenna saman, og sørga for ei vitamininnsprøyting av dei sjeldne for raudtrøyene.

Trass godt norsk spel blei Island for sterke, og punkterte altså kampen på stillinga 34-32.

– Eg synst vi gjer ein god kamp, men vi får dårleg betalt, seier ein skuffa Erlend Mamelund til TV2.

– Full tillit til Espen

Norge kunne også ha utlikna i sluttsekundene. Då klokka viste 59 minutt og 12 sekund fekk Espen Lie Hansen den avgjerande sjansen.

Men skotet var alt for enkelt, og keeper redda ei potensiell 33-33-scoring.

– Vi har full tillit til Espen. Han har ein sinnssjuk skotarm, og har vist at han kan prikke den opp i krysset tidlegare, seier lagkamerat Myrhol til NRK.

EM-favoritten neste

Fredag møter Norge Kroatia. Kroatane er strålende gode og vinn nesten alltid sine kampar i meisterskap.

Det skjer ofte med knapp margin og på sikkert vis. Etter to 31-29-seirer så langt kan Kroatia gå vidare med full poengpott (fire). Det betyr ein meget god sjanse for plass i semifinalen.

Men lag som Frankrike (rustne så langt) og Spania blir tøffe konkurrentar i hovudrunden.

Norge må overprestere for å ha mulighet til å ta poeng frå Kroatia.

Siste nytt

  • Børven skadd før serieåpningen

    Odd-spissen Torgeir Børven fikk en smell i lysken på trening skjærtorsdag og går trolig glipp av eliteseriestarten hjemme mot Haugesund, melder Varden.

    Børven var ikke å se på Odds treningsfelt fredag. Kampen mot Haugesund spilles 1. påskedag, og spissen har fortsatt en liten hevelse i lysken, skriver Varden.

    – Torgeir er ikke bra nok til å trene i dag. Men det er for tidlig å si hvor lang tid dette vil ta. Vi tar dag for dag. Torgeir gikk av i går for ikke å ta noen sjanser, sier trener Kenneth Dokken til avisen.

    (NTB)

    Portrett av Odds Torgeir Børven fotografert på Skagerak Arena
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Dobbel punktering for Solberg i Kenya

    Oliver Solberg havnet i ordentlig trøbbel under fredagens formiddagsøkt i Rally Kenya. Både på den tredje og den fjerde fartsprøven punkterte 22-åringen.

    Dermed er han mer enn sju minutter bak teten i det totale sammendraget, mens det opp til lederen i WRC2-klassen skiller rett i underkant av fire minutter.

    Etter solid kjøring på fredagens første fartsprøve gikk det galt tidlig på den andre. Et dekkskifte kostet 22-åringen nær to minutter.

    – Vi kjørte rent, men disse tingene kan skje når terrenget er så krevende, skrev Solberg på X.

    En drøy time senere punkterte Solberg og makkeren Elliott Edmondson igjen, og nesten fire nye minutter gikk tapt.

    – Fartsprøve nummer fire brakte med seg samme uflaks som den tredje. Vi har ikke marginene på vår side, men alt kan skje i dette rallyet. Herfra og ut er det fullt trykk på pedalen, skriver 22-åringen.

    (NTB)

    OU7SVdPdOTc
    Foto: AFP
  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal