– Han har vist seg å vere god til å samle støtte, så eg trur han er ein god person til å leie FIFA, seier Hallen til NRK etter valet.
Video: – Vi er letta, seier Yngve Hallen
Tidlegare på dagen vedtok FIFA heilt nye reformer som organisasjonen skjal styrast etter i framtida. Det er reformer som gir presidenten litt mindre makt. Det trur ikkje Hallen er noko minus. Tvert imot.
– Dette er reformer som UEFA har styrt etter lenge, og Infantino har sjølv vore svært sentral i arbeidet med FIFA-reformene, seier Hallen om mannen som har vore generalsekretær i UEFA i sju år.
– Hans største utfordring blir kanskje at han no er president, og derfor ikkje lenger så tett på detaljane som han har vore før. No skal han vere strategen, og han skal reise rundt og samle fotballverda, seier Hallen.
Som i løpet av den andre valrunden forstod at det gjekk mot siger for den 45 år gamle sveitsaren.
– Eg såg at det vart tekne svært mange selfies saman med Infamtino, seier Hallen.
– Treng ein pragmatikar som Infantino
Også dei internasjonale reaksjonare er stort sett positive etter at Gianni Infantino vart vald til FIFA-president fram til 2019.
– Eg er glad for dette valet. Vi støtta han frå starten. Verdsfotballen treng ein pragmatisk leiar som han, seier Russlands sportsminister Vitalij Mutko.
Russland treng ein president dei kan samarbeide godt med i innspurten av førebiungane til VM i 2018. Eit VM som er drege inn i skandalene i FIFA med skuldingar om korrupsjon ved tildelinga. Saka er under politietterforsking.
– Vi er nøgde med valet av Infantino, men veit at Infantino får ein vanskeleg jobb med å gjenreise FIFA. Organisasjonen er i ein kritisk situasjon etter korrupsjonsskuldingane, seier Danmarsks fotballpresident Jesper Møller til DBUs eigen nettstad.
Presidenten i forbundet for europesiek fotballklubbar, Bayern Münchens Karl-Heinz Rummenigge, gratulerer Infantino med sigeren, men åtvarar mot å utvide VM frå 32 til 40 land, slik han har lova i valkampen.
– Vi har nådd eit punkt der vi ikkje kan belaste spelarane meir, seier Rumenigge.