17.05.2012

Grasrotprisen til Kolstad Fotball

Kolstad Fotball i Trondheim fekk Grasrotprisen under prisutdelinga Gullballen fredag kveld.

Juryen peika på at klubben har utmerka seg på ei rekke område, mellom anna innen haldningsskapande og integrerande arbeid.

– Hjarteleg takk. Det er ei stor ære å få denne prisen og ein utruleg ispirasjon til vidare arbeid i klubben. Vi må takke alle støttespelarar både innan det private og offentlege, sa styreleiar Bjørn Aage Johansen som tok i mot prisen på vegne av klubben i operahuset i Oslo.

Kolstadjakka

Kolstad Fotball har gjennom tretti år hatt ein sentral posisjon i bydelen Saupstad i Trondheim. Bydelen rommar førti nasjonalitetar og klubben har drive oppsøkande arbeid både i barnehagar og på SFO.

– 17 timar i veka møter vi ungane på skulen. Vi treff dei etter skulen og har organisert trening på kveldstid, samt kampar i helga, seier Frank Lidahl som er lokalsamfunnsutviklar på Kolstad.

Han legg til at den finaste jakka ungane syns dei har, er nettopp Kolstadjakka.

– Ungane snakkar saman fordi dei har noko til felles, seier Lidahl.

(Artikkelen held fram under bildet)

Styreleder Bjørn Aage Johansen (t.h.) mottok på vegne av Kolstad Fotball Grasrotprisen (Foto: Heiko Junge/Scanpix)

Styreleder Bjørn Aage Johansen (t.h.) mottok på vegne av Kolstad Fotball Grasrotprisen.

Foto: Heiko Junge/Scanpix

Opp i 2. divisjon

Kolstad Fotball rykte etter denne sesongen opp i 2. divisjon. Dei vann kvalifiseringa mot Charlottenlund og er tilbake på nivå tre etter to sesongars fråver.

Dette er: Kolstad Fotball

Prisutdelar Ole Gunnar Solskjær kjenner godt til klubben.

– Eg tapte mot denne klubben som smågutt og har tapt mange kampar mot dei, sa Ole Gunnar Solskjær då han delte ut prisen.

I takketalen framheva Kolstad alle innbyggarane.

– Vi har verdas beste bydel og verdas beste fotballlag, sa styreleiar Bjørn Aage Johansen i Kolstad Fotball.