– Eg har jobba knallhardt for dette. Eg har grine så mange gangar på vegen. Det har vore mange PMS-augneblink. Det er heilt sjukt, seier Eckhoff til NRK.
Norges beste skiskyttarjente skaut feilfritt for første gang i karriera. Utruleg nok skjedde det under stort press VM på heimebane.
– Kan ikkje beskrive det
Til enorm jubel frå tusenvis av norske fans gjekk Tiril Eckhoff over målstreken ein god kilometer unna barndomsheimen. I intervju med NRK tok 25-åringen til tårene.
– Det er heilt fantastisk. Eg skyt fullt for første gang i karrieren. Det er det råaste. Eg kan ikkje beskrive det. Det er verkeleg riktig dag å gjøre det på, seier Eckhoff.
– Det er uverkeleg, rett og slett, seier 25-åringen.
Kopierte Skjelbreid: – Eg blir så rørt
25-åringen kopierte Liv Grete Skjelbreid, som sikra norsk VM-gull på sprinten i Holmenkollen i 2000.
Også Skjelbreid var så rørt at ho sleit med å finne ord for å beskrive Eckhoffs prestasjon.
– Eg blir så rørt når eg kjenner på det som du har streva med, seier Skjelbreid til Eckhoff.
Før VM snakka Eckhoff om sitt store ønske om å gjøre som Skjelbreid i Holmenkollen.
Sjå Tiril Eckhoff bli hylla framfor stappfulle tribunar på heimebane.