Før på dagen hadde investor og aksjonær Tor Olav Trøim informert NRK om at Grindheim held fram i Vålerenga, før han sette seg i bilen og blei køyrt bort frå Valle.
Klokka 12.30 seinare på dagen heldt trenar Kjetil Rekdal og Christian Grindheim ein pressekonferanse der dei blei samde om å legge siste dagars støy bak seg.
– Vi har heldt fram med praten vi hadde på onsdag, r ferdig med den, og er klar for nye slag i tida som kjem, seier Kjetil Rekdal.
Christian Grindheim syns det var «kjipt» at konflikten mellom han og Rekdal blei ei mediesak.
– Det har gått greit for min del. Eg får takke for mange hyggelege meldingar, litt kjipt at det kom ut i media. Vi burde handtert dette internt, det er vi begge samde om. Ellers hadde ikke alle her gidda å komme, sa den tidlegare Vålerenga-kapteinen til dei oppmøtte journalistane.
– Brutalt ærlige
Ein konflikt mellom Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal og kaptein Christian Grindheim kom til overflata før helga.
Rekdal valde å sette Grindheim heilt ut av troppen til kampen mot Strømsgodset, men påstod at årsaken berre var sportsleg.
Spelarane signaliserte at dei ville ha kapteinen sin på treningsfeltet.
Grindheim blei vraka etter eit møte med Rekdal onsdag i førre veke.
– Eg trur ikke det var noe eg sa. Vi evaluerte kvarandre, og så blei det berre sånn det blei. Eg og Kjetil vi er brutalt ærlege med kvarandre, og det skal vi halde fram med også. Eg trur det er berre sunt for gruppa at vi tar det no, i staden for etter sesongen, seier Grindheim.
Trenar Kjetil Rekdal opplyser at dei begge trengte å «lufte ut».
– Vi var ikkje fornøgd med kvarandre. Eg diskuterte prestasjonane til Christian og hans oppgåver i ei spelargruppe. Han diskuterte med meg andre vegen, om korleis eg har vore, seier Rekdal.
– Vi har ikkje fått den utviklinga på ein del område som vi trudde, og som eg og han har ansvaret for. Det var det diskusjonen gjekk ut på, seier Rekdal om bakgrunnen for konflikten og den svake seriestarten der klubben står med 10 poeng så langt.
Grindheim blei vraka før seriekampen mot Strømsgodset og blei erstatta av 20 år gamle Herman Stengel.
– Vi er framleis ikkje fornøgde. Men vi fekk eit lite signal i går mot Strømsgodset. Der spelte ein del unge gutar som vi har prøvd å få til å ta større ansvar, og som gjorde eit steg i rett retning under kampen i går, seier Rekdal om oppgjeret der Vålerenga leia 2-0 til pause, men tapte 3-2 til slutt.
– Vi har også snakka om Christian si rolle, og mi rolle og korleis vi skal få det til å gå endå betre. Vi har mykje av ansvaret for at vi ikkje har fått det til, sjølv om det neppe er vi som har gjort alt «gærnt», seier Rekdal.
Lufta ut
Før på dagen hadde aksjonær Trøim fortalt spelarar og leiarar i Vålerenga om sine planar vidare for klubben.
Då hadde investoren og Vålerenga-aksjonæren med base i London vore i møte med både spelarar og leiarar på Valle.
I følge VIFs egen nettsider tok både Christian Grindheim og Kjetil Rekdal ordet under møtet, og fortalte at dei hadde fått «snakka ut» etter støyen i førre veke.
Tok turen frå London
Trøim har i fleire år sprøyta inn mange millionar i Vålerenga fotball, seinast for eit halvt år sidan. I løpet av ein periode på tre år har finansmannen spytta inn 43 millionar kroner i klubben.
Han sit på heile 98 prosent av aksjene.
Etter tapet mot Strømsgodset i går varsla Rekdal at han skulle ta opp tråden igjen med Grindheim i dag. Kapteinen kom på trening utan treningsklede, men med fotballsko i handa signaliserte han til NRK at han var klar for trening.
Han gjekk forbi Herman Stengel, som tok Grindheims plass mot Godset, på veg til treningsfeltet der han blei fotfylgd av fotografar og journalistar.
– Det var godt du kom og avlasta meg litt, Stengel, sa Grindheim og gav han high-five.