Det var i søndagens cupmøte med Bayern München Graham Hansen blei liggjande igjen på bakken etter ei takling.
Omfanget av skada har vært ukjent, men etter MR-undersøkingar denne uka er det nå klart at ho har fått ein brist i kneskåla. Ifølgje klubben er sesongen over.
Mistar eventuell meisterligafinale
Trenar Ralf Kellerman seier han tek nyheita om skada svært tungt. Graham Hansen er blant lagets mest sentrale spelarar.
– Det er veldig synd for Caroline personlig og for oss som lag er det svært bittert. Ho har nettopp kjempa seg tilbake frå skade. Ho er ennå ung og eg håper ho blir raskt frisk, seier han til womanssoccer.de.
NRK har vore i kontakt med faren til Hansen, som kan bekrefte at dottera har fått beskjed om at sesongen er over.
Han fortel at ho i alle fall må gå på krykker og med skinne i tre til fire veker. Dermed går spissen glipp av både den tyske cupfinalen og ein eventuell meisterligafinale som kan gå mot landslagskollega Ada Hegerberg og hennar klubb, Lyon.
Caroline Graham Hansen har ikkje svart på NRKs førespurnadar ennå.
Landslagsspissen mista i fjor VM med kneskade og har i lengre tid slite med «jumpers knee».