- NRK følgjer verdscupen direkte: Slik var langrennssprinten i Lahti
– Måten sigeren kom på i dag var nok litt heldig. Men slik er skøytesprintar, og i dag var det min tur, sa ein fornøgd Golberg etter sin andre verdscupsiger.
23-åringen sin første verdscupsiger kom 7. desember på Lillehammer. Då var det ein tårevåt Golberg som møtte NRK etter siger på 15 kilometer klassisk.
I sprintfinalen i Lahti var Golberg éin av tre nordmenn i finalen, og mannen frå Gol var nok ikkje favoritt av dei tre.
I finalen var nemleg både OL-vinnar Ola Vigen Hattestad og Noreg sin bestemann i sprintcupen, Eirik Brandsdal.
Svenske Teodor Peterson, russiske Alexey Petukhov og finske Matias Strandvall var dei tre andre i finalen.
«Og så fell Ola!»
I kvinneklassen ramla Ingvild Flugstad Østberg ut av semifinalen, medan Maiken Caspersen Falla fekk finalen øydelagt etter fall.
- Les:
I herrefinalen blei det også fall. Då startskotet gjekk opna både Brandsdal og Vigen Hattestad bra saman med Peterson. Golberg låg som nummer fem store delar av løpet.
Like før løparane kom inn i dei siste svingane inn mot oppløpet gjekk det gale.
– Og så fell også Ola Vigen Hattestad. Rett ned! Først Strandvall, så Hattestad!, utbraut NRK-kommentator Jann Post.
Finalefallet var av den rare sorten. Finske Strandvall og Vigen Hattestad gjekk i bakken cirka på eksakt same tid, men dei var langt unna kvarandre. Begge rota det rett og slett til for seg sjølv, noko som gjorde at Bransdal òg måtte stoppe opp litt.
Inn på oppløpet var Golberg i tet og i kamp mot Peterson og Petukhov var 23-åringen suveren.
Saka held fram under videoen.
Golberg gjekk vidare som «lucky looser»
Heile åtte av 30 utøvarar i kvartfinalane i Lahti var nordmenn. Petter Northug rauk i prologen, men Golberg, Bransdal og Vigen Hattestad kvalifiserte seg saman med Sondre Turvoll Fossli, Finn Haagen Krogh, Anders Gløersen, Sindre Bjørnestad Skar og Håvard Solås Taugbøl.
20 år gamle Solås Taugbøl var best av dei norske i prologen med nest beste tid, berre slått av svenske Peterson.
Haagen Krogh, Gløersen og Bjørnestad Skar rauk i kvartfinalane. I første semifinale var Turvoll Fossli einaste nordmann.
Der møtte han sterke menn i Petersson, Petukhov, sprintcupleiar Josef Wenzl, Alex Harvey og Emil Jönsson. Turvoll Fossli tok kommandoen i semifinalen, men utover i løpet blei han litt for lett mot rutinerte menn og enda på femteplass.
I den andre semifinalen var det fire nordmenn i Vigen Hattestad, Brandsdal, Golberg og Solås Taugbøl. Sistnemnde var einaste som ikkje gjekk vidare etter femteplass, medan Golberg gjekk vidare på tid – som «lucky looser».
Dermed var Golberg litt heldig i både semifinale og finale, og til slutt blei det siger.