– Eg er skuffa, eg er jo ikkje einig i uttaket, men om det er riktig må andre bedømme, seier Pål Golberg.
– Fortener å vere med vidare
25-åringen har hatt ein skuffande sesong som har blitt øydelagd av sjukdom. Sjølv om han visste at han var i faresonen for å miste landslagsplassen, trudde han ikkje at han skulle bli vraka etter berre ein svak sesong.
– Eg føler eg har fortent å vere med vidare. Sjølv om denne sesongen har vore svak, har eg vore på pallen i ni renn og vunne tre verdscuprenn i dei åra eg har vore på landslaget. Nå har eg hatt ein sesong som har vore øydelag av sjukdom, og så er det rett ut, seier Golberg.
Han står nå heilt utan lag før neste sesong og veit ikkje korleis han skal satse vidare.
– Ingenting er i boks ennå. Eg håpar sjølvsagt å satse på ski komande sesong, men det avhenger at eg får til eit godt opplegg. Om eg ikkje får til eit godt sportsleg og økonomisk opplegg får eg heller finne på noko anna.
Northug: – Ferdig for godt
Simen Andreas Sveen og Chris Jespersen blei også vraka frå allorundlaget på dagens pressekonferanse. Tomas Northug som var i VM-finalen i sprint i Falun i fjor, er ute av sprintlaget. Til Adressa seier mellomstebror Northug at han dermed er ferdig på landslaget for godt.
– Eg trur den tida er ferdig nå. Eg har tenkt litt over det. Når eg fyrst er ferdig, så er eg ferdig, seier Northug til Adressa.
NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn nemnte før pressekonferansen at han trudde at sju løparar var i faresonen. Da resultatet var klart var alle sju vraka.
– Da har dei vore ganske strenge i uttaket. Alle sju løparane har jo hatt ganske svake sesongar, men det er kanskje litt overraskande at dei vel å vrake alle sju. Men det seier jo litt om kor sterk konkurransen i Norge er, seier Bjørn.
Kan framleis ta medalje i Lahti
Han nemner dei nye FIS-kvotene som ein viktig grunn til at landslaget måtte kutte ned på talet på løparar på landslaget neste sesong. Derfor måtte så mange som sju løparar som alle låg på vippen, ut av laget.
Bjørn trur uansett ikkje ein løpar som Golberg treng å gløyme VM i Lahti neste år.
– At desse løparane må ut av landslaget betyr ikkje at dei er ferdig som langrennsløparar. Det er akkurat det at dei går ut, og kjem i ein angrepspoisjon som kan vere perfekt for å slå seg tilbake og steget tilbake i toppen. Det er absolutt mogleg å kjempe om medaljar i Lahti sjølv om ein ikkje er på landslaget, meiner Bjørn.
Her er neste års landslag
Kvinner, elite
Astrid Uhrenholdt Jacobsen, IL Heming
Ingvild Flugstad Østberg, Gjøvik Skiklubb
Maiken Caspersen Falla, Gjerdum IL
Heidi Weng IL IL BUL
Ragnhild Haga, Åsen IL
Marit Bjørgen, Rognes IL
Therese Johaug, Nansen IL
Kari Øyre Slind, Oppdal IL
Menn, sprint
Eirik Brandsdal, Kjelsås IL
Ola Vigen Hattestad, Ørje IL
Sondre Turvoll Fossli, Hokksund IL
Finn Hågen Krogh, Tverrelvdalen IL
Sindre Bjørnestad Skar, Bærums Verk og Hauger IF
Martin Løwstrøm Nyenget, Lillehammer Skiklub
Menn, allround
Anders Nøstdahl Gløersen, Rustad IL
Martin Johnsrud Sundby, Røa IL
Hans Christer Holund, Lyn Ski
Niklas Dyrhaug, Tydal IL
Didrik Tønseth, Byåsen IL
Sjur Røthe, Voss IL
Emil Iversen, IL Varden
Petter Northug, Strindheim IL
Rekrutt, menn
Mathias Rundgreen, Byåsen IL
Håvard Solås Taugbøl, Lillehammer Skiklub
Magne Haga, Åsen IL
Simen Hegstad Krüger, Lyn Ski
Johan Hoel, Åsen IL
Johannes Høsflot Klæbo, Byåsen IL
Rekrutt, kvinner
Martine Ek Hagen, IL Bul
Silje Theodorsen, Kvaløysletta Skilag
Barbro Kvåle, Lillehammer Skiklub
Tiril Udnes Weng, Nes Ski
Lotta Udnes Weng, Nes Ski