Hopp til innhold

Rørt til tårer etter sin første verdscupsiger

LILLEHAMMER/OSLO (NRK.no): I februar var Pål Golberg langt, langt nede etter totalkollaps i VM. Laurdag banka han sensasjonelt heile verdseliten og tok sin første verdscupsiger. – Eg er litt skjelven akkurat no.

Pål Golberg slet med å holde tårene tilbake etter seieren på 15km klassisk. Reporter: Ida Nysæther Rasch

Pål Golberg var i gledestårer då NRK prata med han etter sigeren.

Pål Golberg

Pål Golberg trengde litt tid for seg sjølv i intervjuet med NRK.

Foto: NRK

– Dette kan vere hans store gjennombrot!, sa NRK-kommentator Torgeir Bjørn i det Pål Golberg gjekk inn til suveren leiing på 15-kilometeren på Lillehammer.

Han gjekk inn 14,2 sekund framfor kasakhstanske Alexej Poltoranin og 15,5 sekund framfor 22 år gamle Didrik Tønseth – som tok tredjeplassen.

Det blei derimot spenning heilt inn, for Martin Johnsrud Sundby – som gjekk ut sist – låg lenge godt an. Han svikta derimot mot slutten, og ein spent Golberg kunne sleppe jubelen laust.

– Eg er litt skjelven akkurat no, sa Golberg i det første intervjuet etter sigeren.

– Skulle trudd nokon hadde dauda

Då han møtte NRK var det ein svært rørt 23-åring som prøvde å prate.

– Skulle trudd nokon hadde dauda, sa han galgenhumoristisk, før han tok seg nokre sekund for seg sjølv.

For det var mykje lette bak tårene. Golberg har imponert i sprintrenn, men i februar i år var han svært langt nede. Då kollapsa han på lagsprinten i VM, og kosta Noreg finaleplassen.

– Hadde eg gått ein individuell konkurranse hadde det vore greitt. Men eg var på lag med ein annan, og då kjendest det heilt «forjævlig», sa han då.

Etter sigeren innrømma Golberg at tankane streifa tilbake til februardagen i Val di Fiemme.

– Eg græt både når det går bra og når det går dårleg, seier han og ler – tydeleg flau over all grininga.

Northug hyllar Golberg

Petter Northug var lagkamerat til Golberg i VM-lagsprinten, og var klar på at Golberg ville få revansjert seg. Etter 15-kilometeren laurdag var Northug full av lovord.

– Han har hatt ein veldig bra sesongstart, og var eigentleg uheldig på sprinten i Kuusamo der han missa eit bra resultat. Han er ein person som kan gjere det bra både på distanse og på sprint. Det er sånne løparar vi treng, sa skikongen til NRK.

Sjølv blei han nummer ni – 40,7 sekund bak suverene Golberg.

Saka held fram under videoen.

Petter Northug har slitt med formen etter lange sykdomsperioder, men viste på 15 km klassisk at han er i rute til OL i SOtsji. Kommentatorer: Jann Post og Torgeir Bjørn
Pål Golberg

Det var ikkje berre tårer for Golberg etter sigeren. Gliset var også stort.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Mange som har ofra mykje

23-åringen frå Gol blei nummer fire på 15-kilometeren på Beitostølen, før han tok ein ny fjerdeplass i Kuusamo. På Lillehammer blei det endeleg perfekt.

– Det er ei tålmodsprøve. Når er ein endeleg lukkast er det ålreit, sa ein tårevåt sigersherre.

– Kva ligg bak dette?

– Det er mykje arbeid då. Men eg er heldig som har eit talent for dette, og det har eg brukt for kva det er verdt. I dag er det full klaff.

I verdscupen var ein andreplass frå lagsprint i Liberec i januar førre sesong hans beste resultat. Tankane etter den første individuelle verdscupsigeren – dryge to månader før OL i Sotsji – var mange.

– Det er veldig mykje ein tenkjer på akkurat no. Det er mange som har ofra mykje for at eg skal få gjere dette. Det kjennest veldig stort, sa Golberg.

Pål Golberg var raskest i løypa da de aller fleste løperne var ute i sporet på 15 km klassisk. Kommentatorer: Jann Post og Torgeir Bjørn

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal