Men i konkurranse med Usain Bolt og Christophe Lameitre blei heatet for sterkt for nordmannen, som kom inn til tida 10.21.
– Gjekk ikkje som planlagd
Vinnaren, Usain Bolt, kom i mål på tida 10.05. Christophe Lemaitre følgde like bak med 10.11.
– Det gjekk ikkje som planlagd. Eg fekk ein dårleg start og måtte jobbe bakfrå, seier Ndure.
Nordmannen blei til slutt nummer fem.
– Rart at arrangøren ikkje har speaker bak kvar blokk
Jays hadde den dårlegaste reaksjonstida ut frå startblokka. Frå startposisjon i bane åtte hevdar nordmannen at det var vanskeleg å høyre startsignala fordi det ikkje var høgtalarar bak kvar startblokk.
– I bane åtte høyrte eg dårleg. Vanlegvis reagerer eg fort, men i dag gjorde eg ikkje det. Vi har ingen høgtalar bak startblokkene, og dermed var eg den siste som fekk høyre startsignala. Det er litt rart, seier Ndure.
Ertzgaard: – Skandale om det stemmer
Eks-sprinter John Ertzgaard, trur Jays kunne vore nær ein finale om han hadde hatt vanleg reaksjonstid.
– Normalt ligg Jays mykje lågare enn 0.210 sekund som han starta med her. Dette var dårleg. Om han hadde hatt vanleg Jays-reaksjonstid ut frå start ville han vore nede mot 10.14 i mål, seier Ertzgaard.
På tida 10.14 kom Daniel Bailey i mål under første heat. Det var akkurat nok til finaleplass for sprintaren frå Antigua og Barbuda.Ertzgaard tek Jays seriøst på skuldingane om at arrangøren ikkje har høgtalarar kvar bak startblokk, men reknar med at slike element er på plass under 100-metrane under VM.
– Om VM-arrangøren ikkje har høgtalaranlegg bak kvar startblokk er det rett og slett ein skandale, seier Ertzgaard.
Til samanlikning hadde Daniel Bailey i bane åtte på første heat 0.153 sekund i reaksjonstid ut frå start. Churandy Martina hadde 0.174 i åttande bane under tredje heat.
- SJÅ NDURES SEMIFINALE:
– Kom for å gjere jobben - klarte det ikkje
No må han fokusere på 200 meteren etter nedturen.
– Dette var eit bra heat. Eg kom bare for å gjere jobben, det klarte eg ikkje, seier Ndure etter 100 meteren.