Det palestinske fotballforbundet (PFA) meiner at Isreal legg altfor store hindringar i vegen for lag og spelarar på Gaza og Vestbreidda til at FIFA bør kunne godta det.
Men ingen trur at Israel verkeleg kjem til å bli sparka ut.
Til FIFA-kongressen 28. og 29. mai har PFA derfor sendt inn eit forslag om at Israel må sparkast ut av organisasjonen. Dette skal utsendingane frå alle dei 209 medlemslanda i det internasjonale fotballforbundet røyste over.
Palestina meiner Israel legg unødvendig mange hindringar for fotballaktivitetar på dei palestinske områda. Det er vanskeleg å passere grenser når dei skal mellom Gaza og Vestbreidda, og det er også arbeidskrevjande å skaffe seg løyve til å reise inn og ut av landet, meiner PFA.
– Israel vanskeleggjer også kjøp av sportsutstyr og besøk av utanlandske lag og spelarar, seier PFA-president Jibril Rajoub til
.NFF drøfter saka seinare i mai
Den israelsk-palestinske konflikten har også gått ut over fotballanlegg. I november 2012 vart den største bana i Gaza by heilt øydelagd av bombing.
Fotballpresident Yngve Hallen skal delta på kongressen. Han har enno ikkje sett forslaget, og at NFF-styret skal diskutere både det og andre kongress-saker seinare denne månaden.
Derfor vil ikkje han kommentere det palestinske forslaget enno.
– Men det skal mykje til at vi skal gå til sanksjonar. Her er det skuldingar om handlingar som staten Israel står bak, ikkje det israelske fotballforbundet. Eventuelle reaksjonar mot staten Israel er det utanriksdepartementet som må vurdere, seier Hallen.
– Vi tek gjerne imot råd frå Utanriksdepartementet, men vi styrer oss sjølve. Fotballen skal vere autonom og ikkje la seg styre av andre, legg Hallen til.
– Ingenting har blitt betre
– ein såkalla «task force» – for å løyse problema. FIFA-presidenten, fotballpresidantane i Israel og Palestina, og både det asiatiske og europeiske fotballforbundet var med. Fotballmessig høyrer Palestina til Asia, Israel til Europa.
– Men ingenting har blitt betre, sa PFA-president Jibril Rajoub til telegrambyrået Reuters før helga.
Han foreslo ein resolusjon på kongressen i Brasil like før VM i fjor, men let seg overtale til å trekkje den tilbake. – Det gjer eg ikkje denne gongen, seier han.
Ifølgje
gjorde Blatter i desember eit forsøk på å få PFA til å trekkje forslaget.Blir neppe vedtatt
Israel seier at dei har letta på restriksjonane for idrettsfolk som reiser mellom dei to territoria.
– Dersom eg var ein palestinar, var det siste eg vill gjort å dra sport inn i Palestina-konflikten, seier Israels FN-ambassadør Dan Gillerman til
.– Sport foreinar, det skal ikkje splitte, seier Gillerman, som ber FIFA å prøve å løyse konflikten og «kaste det palestinske forslaget».
Ingen reknar med at det vil bli vedteke på kongressen. Eit utestengingsvedtak treng oppslutnad frå 75 prosent av utsendingane, og FIFA-president Sepp Blatter har også antyda at det blir vanskeleg å støtte eit slikt framlegg.
– Å stenge ute eit medlemsforbund er alltid noko som kan skade heile organisasjonen, sa Blatter nyleg i eit møte med den palestinske fotballpresdienten i Kairo.