- Kampfakta: Start - Vålerenga 1-0 (0-0)
Venstreback Jan Lecjaks såg ut til å ha kontroll på pasninga frå Solomon Owello.
Backen skulle berre «bryste» ballen inn til VIF-målvakt Gudmund Kongshavn, men bak ryggen til Lejcaks lurte Ernest Asante som plukka opp ballen, og sende Start i føringa.
Dette var ghanesaren si første scoring i eliteserien nokonsinne.
– For pinglete
– Vi har mange stygge balltap som inviterer Start til å køyre kontringar. Så er vi rett og slett for pinglete når vi har moglegheit til å skapte sjansar sjølv, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal til NRK.
– Er det krise no?
– Krise eller krise. Det får andre snakke om. Tre poeng etter fem kampar er sjølvsagt alt for lite. Slik vi framstår no er det sikkert riktig at vi kun har tre poeng, seier Rekdal.
– Vi gøymer oss vekk
Tidlegare Start-spelar Kristofer Hæstad var langt nede etter eit nytt nederlag.
– Vi er sjølvsagt skuffa. Eg føler at vi kontrollert andre omgang bra og vi sleppte Start lite til. Så fekk vi eit imot og det kjenneteiknar eit lag som er i motgang, seier Hæstad til NRK.
– Kva skal til for å snu dette?
– Vi må byrje å gjere det vi veit vi kan. Vi gøymer oss litt vekk. Vi var gode i treningskampane i vinter og vi må prøve å komme tilbake på det nivået vi viste då, seier midtbansespelaren.
I Start-leiren var sjølvsagt steminga ei heilt anna etter sesongens andre siger. Sørlendingane har heller ikkje tapt på sine fire første kampar.
– Dette var deilig. Vi køyrer kampen frå første stund og heilt inn, sa Espen Hoff til TV2 rett etter kampslutt.
I nettveggen
Det var Start som var det beste laget på Sør Arena. Oslo-klubben sleppte lite til og det var heimelaget som skapte dei fleste sjansane.
50 minutt ut i kampen var Start nær ved å ta leiinga. VIFs Simon Larsen feila då han skulle avklare. Ballen enda opp hos Espen Hoff som drog til frå 16 meter, men ballen enda opp i nettveggen.
19 minutt før full tid var Matthias Vilhjalmsson berre centimeter unna å sende gultrøyene i leiinga. Espen Hoff kom seg rundt på høgrekanten og slo inn. Islendingen kom høgst i hovudduellen med Jan Gunnar Solli og fekk sett pannebrasken på ballen.
Men Gudmund Kongshavn kasta seg så lang han var og slo ballen til side.
Start-spelar Espen Børufsen trur Vålerenga vil komme seg ut av uføret.
Vålerenga i botnen
Vålerenga var aldri i nærleiken av å svare på Start si scoring. Sørlendingane styrte frå start til mål og vann fortent 1-0.
Med fredagens trepoengar klatra Start opp på ein 4. plass på tabellen med åtte poeng på fire kampar.
Vålerenga var før sesongstart nemnt som ein av gullutfordrarane. No ligg dei på nedrykksplass med fattige tre poeng på dei fem første kampane.
– Eg tykkjer dei har eit bra lag. Dei har ikkje fått fram det beste enno. Men det kjem trur eg. Dei har mange gode spelarar og eg trur vi kan rekne med Vålerenga etterkvart, seier Børufsen til NRK.
– Vi nektar å tape
Børufsen er ikkje overraska over at laget hans bit godt ifrå seg i eliteserien, som nyopprykka klubb.
– Vi er eit solid lag og nektar å tape. I tidlegare kampar har vi kunne vunne, men vi har ikkje klart å bikke til siger. I dag klarer vi det. Det er utruleg deilig, seier Børufsen.
– Kva er det som gjer at de nektar å tape?
– Vi har jobba lenge med både det offensive og defensive. Vi har ein moral i laget, som gjer at vi held fram med å pushe og male på for å få scoring, seier Børufsen.
I neste serierunde ventar serieleiar Aalesund for Vålerenga.