Livorno-spelar Morosini (25) døydde av hjartestopp under ein serie B-kamp i Italia laurdag. 25-åringen blei ei kort stund haldt i i kunstig koma.
Morosini var på lån frå Udinese. Ifølgje Gazzetta dello Sport, ei av Italias største sportsaviser, hadde spelaren ei tragisk forhistorie.
25-åringen mista foreldra sine i tenårene. Fleire italienske nettaviser skriv at Morosini deretter tok ansvaret for sine to funksjonshemma søsken.
For bare få år sidan omkom Morosinis bror i ei ulukke.
Etter den tragiske hendinga laurdag sit bare familiens dotter igjen. Ho hadde naturleg nok eit tett forhold til sin bror, Piermario.
Oppfordrar italienske klubbar til å støtte
No vil altså Udinese og Serie A-klubbens eigarar sørgje for at Morosinis søster blir teke hand om så lenge det er behov for det. Dei har difor oppretta stiftinga «Udinese for Life», og oppfordrar med det andre Serie A- og Serie B-klubbar til å vise si støtte.
Stjernespissen Di Natale har sjølv engasjert seg for å få fotballkollegaer til å bidra.
– Eg har kontakta venene mine. Eg har sendt tekstmelding til Cannavaro, og har høyrt frå Tommasi med fleire. Dei er alle klar for å hjelpe oss fordi det er heilt avgjerande å støtte Piermarios søster gjennom resten av livet hennar. Ho treng oss, og vi må hjelpe ho for både hennar og «Marios» skuld, seier Di Natale.
Trudde det var ein dårleg spøk
Fleire spelarar reagerte med sjokk då dei fekk høyre om Morosinis dramatiske dødsfall.
Manchester Citys Mario Balotelli var Morosinis lagkamerat på det italienske U21-landslaget for ei tid tilbake.
Han trudde først meldinga om Livorno-spelaren var ein dårleg spøk.
– Eg blei mållaus, og trudde ikkje det eg høyrte. Det slo meg først at det måtte vere ein dårleg spøk, seier Balotelli til La Gazzetta dello Sport.
Men dødsbodskapen var diverre hard fakta.
– Morosini var ein kjempekar. Slike episodar får ein til å tenke på sin eigen eksistens og verdsetje det livet ein har, seier Balotelli.
Etter tragedien blei det markert med eitt minutts stille i fotballoppgjer over heile verda.
Les meir under biletet.
Politisak
Det ligg an til å bli ein politisak etter Morosinis dødsfall i kampen mellom Livorno og Pescara laurdag.
Ambulansen, som skulle hente spelaren, blei nemleg forseinka fordi ein feilparkert politibil sperra innkøyrselen.
Mykje tyder også på at det ikkje var godt nok medisinsk utstyr på arenaen der 25-åringen døydde.
Desse forholda kan ha fråteken Morosini sjansen til å overleve.