– Eg trudde nesten ikkje det eg såg, men det var utruleg gøy. Eg forstod at det gjekk mot heimesiger, seier Mjelde 3–1 scoringa til innbytar Gudmundur Kristjansson.
Scoringa var den tredje på berre seks minutt i Kristiansand.
Det var bortelaget som tok leiinga 23 minutt ut i oppgjeret. Innlegget frå David Myrestam på venstrekanten trefte panna til Pontus Engblom, som stod heilt umarkert på bakarste stolpe, og enkelt sende Haugesund i leiinga.
Haugesund hadde fleire moglegheiter til å auke leiinga mot eit svakt Start-lag i første omgang, men fekk ikkje utteljing på sjansane sine.
Mjelde-magi
I andre omgang var det eit langt meir aggressivt Start som kom på bana. Sørlendingane styrte alt og pressa bortelaget langt tilbake, men utan å få hol på byllen.
20 minutt før full tid sette Start-trenar Mons Ivar Mjelde inn Babacar Sarr og Gudmundur Kristjansson. Dei to hadde berre vore på bana i få sekund då Sarr fekk gå opp heilt umarkert på fem meter og heada inn utlikninga.
– Når eg såg ballen i nettet vart eg så glad. Det var viktig for laget og viktig for meg sjølv. Dette vil eg vekse på, seier Sarr.
Sarr har slite med å få speletid under Mons Ivar Mjelde. No trur han på fleire eliteserieminutt framover.
– Eg har jobba knallhardt og no tok eg vare på sjansen. Det har vore vanskeleg for meg, men jobbar du hardt nok får du betalt til slutt, seier midtbanespelaren.
Perle frå Kristjansson
Fire minutt seinare var det Start-debutant Markus Berger sin tur. Austerrikaren kopierte nærast scoringa til Sarr og sende dei gule og svarte opp i leiinga.
Berre to minutt etter scoringa, som sende Start i føringa, var det den andre Start-innbytaren sin tur. Gudmundur Kristjansson drog til frå 20 meter og dei 5000 tilskodarane kunne sjå ballen dundre i krysset. Start hadde snudd kampen på seks minutt.
– Det er viktig for trua i gruppa. At dei to som kom inn scora gjer noko med dei, og det gjer noko med deira «standing» i gruppa. Eg er veldig glad for at det skjedde på denne måten, seier Mjelde til NRK.
(Artikkelen held fram under videoen)
Grindhaug: – Må eit under til
Haugesund klarte aldri å svare. Start var nærare 4–1 enn rogalendingane var redusering.
Tapet var det første mot Start for Haugesund-trenar Jostein Grindhaug. Før oppgjeret i Kristiansand stod han med fem sigrar og ein uavgjort. Han trur det vert vanskeleg å kopiere fjoråret då laget tok bronse.
– Det skal eit under til for at vi skal ta bronse i år. Vi har trøbla litt i oppkøyringa og er ikkje der vi ynskjer å vere endå. Vi treng litt tid og den må vi bruke på ein fornuftig måte, seier Grindhaug.
– Så det blir litt å pusle med på treningsfeltet neste veke?
– Ja, vi må jobbe til tusen både denne veka og i månadene framover, seier Haugesund-trenaren.
Start sikra sin første siger for sesongen, og løfta seg etter 2–4 tapet for regjerande meister Strømsgodset førre helg.
Haugesund står utan siger på dei to første kampane. Jostein Grindhaug sine menn spelte uavgjort på heimebane mot Lillestrøm i serieopninga førre helg.