Blir Sverige seeda, kan dei møte gamlesjefen. Han heiter Lars Lagerbäck og er landslagssjef for Island. Islendingane blir storsensasjonen i denne kvalifiseringa med siger på Ullevaal tysdag.
Dersom Sverige blir seeda, kan det bli nordisk duell om ein VM-plass. For Island kan det gje VM-deltaking for aller første gong nokosinne.
– Eg skulle ikkje hatt noko mot å slå ut Sverige, seier Lagerbäck til
.- Følg siste kvalikkamp kl. 20.00: Norge - Island
Tysdag blir det klart kven som skal møtest i playoff om dei siste fire europeiske plassane. Det er dei åtte laga som blir nummer to i si gruppe med best statistikk.
Før den siste kvalifiseringsrunden ser playoff-situasjonen slik ut:
- Kroatia er klar for playoff.
- Sverige er klar for playoff.
- Tyrkia og Romania ligg likt i poeng, og eitt av desse laga tar truleg playoffplassen. Ungarn ligg to poeng bak, men har liten sjanse til å passere begge dei to andre.
- Island vil sikre playoff med siger mot Noreg på Ullevaal. Slovenia kan går forbi. Uansett er eitt av desse to laga sikre med siger.
- Portugal er i realiteten sikker på playoff. Russland vinn gruppa.
- Hellas og Bosnia ligg likt i poeng. Taparen av denne duellen skal spele playoff.
- Ukraina går til playoff om England slå Polen. I motsett fall skal England spele playoff.
- Frankrike har i realiteten tapt duellen mot Spania og spelar playoff.
Bulgaria, Danmark, Tsjekkia og Armenia slåst om andreplassen i si gruppe. Men det skal nesten eit lite jordskjelv til om dei skal klar å slå ut toaren i nokon av dei andre gruppene. Skulle det skje, er det eventuelt Slovenia det vil gå ut over.
Kampane i playoffen skal trekkjast måndag 21. oktober. Laga blir seeda ut frå FIFA-rankinga som blir offentleggjort torsdag 17. oktober.
Sverige så vidt blant dei seeda
Tek vi utgangspunkt i siste
, frå 12. september, er Sverige så vidt inne blant dei fire seeda.Artikkelen fortsetter under bildet.
Der er Kroatia best av dei aktuelle laga – det 6. beste europeiske laget. Portugal og Russland er også føre Sverige, og eitt av desse blir altså å finne i playoffen. Det same gjeld Bosnia og Hellas.
Kroatia, Russland/Portugal og Bosnia/Hellas blir altså seeda. Og det fjerde seeda laget er Sverige, slik det ser ut no.
Det betyr i så fall at Sverige får ein motstandar frå dei fire useeda. Det kan bli Island og Lars Lagerbäck.
Men det kan også bli Frankrike, som ligg an til ein useeda playoffplass.
Engelsk poengtap kan øydelegge
Men om England snublar mot Polen og dermed blir nummer to bak Ukraina, blir det verre for svenskane. For England er to plassar framfor Sverige på rankinga, og då vil Sverige falle ned frå seeda fjerdeplass til useeda femteplass.
To og tre plassar bak Sverige ligg Frankrike og Ukraina. Dei kan – i verste fall for Sverige – gå forbi på neste ranking.
Til neste ranking tel også med kampane som vart spela før sist helg og dei som blir spela tysdag. Det kan føre til litt endringar og omstokking på lista.
PS: Frankrike er misnøgd med ordninga, som dei meiner favoriserer lag i kvalifiseringsgrupper med seks lag. Frankrike spelar i den einaste gruppa med fem lag, og seier dei kjem til å be om at FIFA endrar reglane før trekninga.
Playoffkampane skal spelast 15. og 19. november.