- Kampfakta: Start - Rosenborg 0-1 (0-0)
Kampen såg ut til å ebbe ut til 0-0. Heilt til det stod att fem minutt. Nicki Bille Nielsen slo inn frå venstre. Start-stoppar Jesper Mathisen vann duellen inne i feltet, men fekk ein dårleg touch.
– Det var heilt ekstatisk å sjå den gå inn, seier RBK-trenar Per Joar Hansen til Cmore. – Det var ein tett og tøff fight, og eg vil gje gutane kjemperos for måten dei kom att på etter pause etter ein svak førsteomgang, la han til.
Mikkel Diskerud kom inn litt ut i andre omgang, og det var ein av grunnane til at Rosenborg snudde kampbiletet.
– Det var godt å få det målet. Skilnaden på eitt og tre poeng i dag var stor, seier "Mix". Han hadde sove berre tre timar før kampen, ettersom han hadde jetlag etter turen frå USA der han spela VM-kvalifisering natt til onsdag.
Jubla med gullhatt
Ballen hamna til slutt hos Jonas Svensson som banka ballen i mål bak Start-målvakt Håkon Opdal.
– Vi blir hardt straffa for ei dårleg klarering. Vi er minst like gode som Rosenborg, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde.
- SJÅ: Eliteserietabellen
Heile Rosenborg-laget sprang rett bort til eigne supportarar og feira hemningslaust. Tilbake mot midtstreken kom Stefan Strandberg med ein gullhatt.
Det var ein jamnspelt kamp på Sør Arena fram til scoringa. Nærast var Alexander Søderlund 61 minutt ut i kampen. Han vart spelt gjennom etter at Jesper Mathisen feilberekna ein høg ball. Spissen forsøkte å tuppe ballen i mål, men Håkon Opdal i Start-buret var raskt ute og fekk ballen unna.
Aleine mot Ørlund
Mikkel Diskerud var våken på returen og prøvde å plassere ballen i mål, men fleire Start-forsvarar kasta seg fram og redda på strek.
Innbyttar Ernest Asante kunne ha sendt heimelaget i leiinga ti minutt før slutt. Han var spelt gjennom av Espen Hoff og kom aleine med RBK-målvakt Daniel Ørlund. Skotet gjekk rett på Ørlund til stor frustrasjon hos heimefansen.
Rosenborg sikra med det tre særs viktige poeng i gullkampen og inntek tabelltopp tre poeng føre Strømsgodset. Godset møter Aalesund søndag.