Hopp til innhold

Sunn fornuft gav sjokkopning

KOMMENTAR: Mjøndalen har eliteseriens minste budsjett, Viking eit av dei største. Opningskampen vart ei bekrefting på at pengar slett ikkje er alt i fotball.

viking mot mjøndalen

DAVID MOT GOLIAT? Mjøndalen har det klart minste budsjettet i eliteserien i år, men det hindra dei ikkje frå å sigre over Viking.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fotball er eit pengespel, der dei store fiskane i dammen har ein tendens til å sluke dei små.

Men ballen sprett ikkje alltid i tråd med budsjettet, noko Viking kanskje fekk merke i opningskampen av eliteserien 2015.

Ei scoring frå Sanel Kapidzic var nemleg nok til å skape furore blant heimefansen på Isachsen Stadion, i Mjøndalen sin første kamp i eliteserien på 23 år. For dei tilreisande Viking-hordane var tapet eit kraftig varsko om at laget deira slett ikkje er så bra som budsjettet skulle tilseie.

Viking vart rett nok truleg snytt for straffespark på stillinga 0-0 - men det herska inga tvil om at det beste laget vann.

Med 1-0 i opningskampen klarte Mjøndalen å snu det ingen skulle tru, nemleg ideen om at høgt budsjett er synonymt med sportsleg suksess.

Mål om å ta selfies

Kapidzic jublar for mål

BILLIG MATCHVINNAR: Ein av forskjellane mellom Viking og Mjøndalen, er at Mjøndalen i stor grad har henta nye spelarar frå lågare divisjonar. Sanel Kapidzic er ein av desse - han vart matchvinnar mot Viking.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Som fotballskribent er eg glad for at det finst analytiske forklaringsmodellar å stø seg på. Men som fotballelskar blir eg minst like glad når analysane ikkje held mål.

Når Mjøndalen slår Viking er det som om verkelegheita peiker nase til prognosane.

Viss det verkeleg hadde vore slik at totalbudsjettet avgjer alt, hadde eliteserien vore avgjort på førehand.

Rosenborg ville vorte seriemeister, andreplassen ville gått til Molde eller Viking. Mjøndalen ville hamna sist på tabellen.

Med det lågaste budsjettet i eliteserien er dei dømd til nedrykk, i tråd med alle spådommar før seriestart.

Dette er dei fullstendig klar over. «Målet vårt er å ta nok selfies på Tippeliga-arenaene rundt omkring», sa Mjøndalen-veteran Mads Hansen før sesongen.

Trenar Vegard Hansen slutta seg til denne humoristiske målsetnaden. Etter siger i opningskampen kan Hansen & Co le godt, i alle fall fram til neste serierunde.

Press avlar stress

Når førehandstipset ikkje slår til, må heile fotballkommentariatet leite febrilsk etter alternative forklaringar.

Dette er min hypotese: Mjøndalen slo Viking på grunn av psykologiske forhold, som heng nøye saman med nettopp økonomi.

Mjøndalen har lada opp til årets sesong med minimalt press på seg. Klubben tenkjer langsiktig utvikling, ikkje kortsiktig sportsleg suksess.

Dei kan leve med nedrykk, så lenge klubben totalt sett kjem styrka ut.

Det kan ikkje Viking, som har lenge vore i den økonomiske toppen av norsk fotball. Sportsleg, derimot, har dei knapt vore i stand til å utfordre om medaljar.

Det kresne Stavanger-publikumet får ofte tyn for at dei skapar negativ stemning på Viking Stadion. Sanninga er at dei har all muleg grunn til å vere misnøgde.

Ein av dei beste analysane av forholdet mellom økonomiske ressursar og sportsleg suksess finn du i Soccernomics av Simon Kuper og Stefan Szymanski.

I følgje deira teori kan vi fastslå at kampen mellom Mjøndalen og Viking var eit møte mellom eit lag som har fått mykje ut av lite og eit lag som har fått lite ut av mykje – overprestasjon mot underprestasjon, for å seie det enkelt.

Å underprestere over tid er sjølvsagt ikkje bra for sjølvtilliten, særleg ikkje når laget lever med stort forventingspress.

I fjor tok Viking meir poeng på bortebane enn heime. I Stavanger er frykta for å tape høgare enn evna til å vinne.

Av alle lag eg har sett i aksjon dei siste sesongane, er Viking det mest forknytte. I staden for olje i maskineriet, gir oljeøkonomien næring til utryggheita.

Denne redselen kom til syne fleire gonger mot Mjøndalen. Viking-spelarane verka ekstremt stressa i avgjerande situasjonar, som då innbytar Zymer Bytyqi missa i ballmottaket i ein svært gunstig posisjon 10 minutt før slutt. Angsten eter Viking-sjela.

Ein av dei som ser ut til å merke presset hardast er Yann-Erik De Lanlay, som dessverre har vorte ei skugge av det store talentet han ein gong var.

Det heng saman med at Viking aldri heilt har klart å spele han inn i ei bestemt rolle. I dagens kamp skulle han liggje ute til venstre og skjêre inn, med Bödvarsson eller

Berisha på løp mot venstre for å skape rom sentralt. Det lukkast sjeldan, og fortvilinga til De Lanley berre veks utover kampen.

vikingtreneren og mjøndalentrener

ULIKE MÅL OG BUDSJETT: Medan Viking og Kjell Jonevret håpar på medalje, har Vegard Hansen og Mjøndalen hatt mykje sjølvironi og spøka med at dei kjem til å rykke rett ned att.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Henta spelarar frå lågare divisjonar

Ei anna side ved saka er at det høge budsjettet til Viking kamuflerer ein usunn økonomi. Det er med Viking som med oljeindustrien i heimbyen – nedgangstider. Klubben har mått kutte i budsjettet dei siste sesongane. Derfor er troppen deira tynn i år.

At heile 10 spelarar er 20 år eller yngre er nemleg ikkje eit resultat av ei heilhjarta satsing på talent, men manglande kjøpekraft. Økonomisk underskot tvingar fram ungdommeleg overmot.

I serieopninga lukkast ingen av dei unge særleg godt. Korkje Samuel Adegbenro eller erstattaren hans, Suleiman Abdullahi, klarte å by Mjøndalen-forsvaret på nemneverdige problem.

 Joachim Solberg Olsen taklar Veton Berisha

KAPTEIN: Joachim Solberg Olsen hadde god kontroll på Viking-spelarane. Her er han i duell med Veton Berisha.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Då heller ingen av dei etablerte klarte å heve nivået, vart jobben rimeleg grei for kaptein Joachim Solberg Olsen og resten av MIF-forsvaret.

Heller ikkje fjorårets toppscorar i Viking, Vidar Nisja, gjorde noko særleg vesen av seg. Han starta på benken, men kom tidleg innpå for Bjørn Daniel Sverrisson, som måtte ut med skade.

Merkeleg nok vart Nisja plassert i ei djup midtbanerolle. Heilt sidan Nisja slo gjennom i Bryne som tenåring har eg meint at han er best i ei offensiv rolle. Synd for Viking sin del at Kjell Jonevret ikkje er einig i dette.

«It´s money that I love», song Randy Newman i 1979. «Nei takk», sa Mjøndalen-trenar Vegard Hansen då klubben ville tilby han éin million i årsløn etter opprykket i 2014.

Mjøndalen har ganske enkelt erkjent si eiga grense, økonomisk så vel som sportsleg, og for det skal dei applauderast. I staden for å ause ut pengar på nye signeringar etter opprykket, har dei konsolidert den eksisterande troppen.

Det har dei blant anna gjort ved å satse på ein undervurdert strategi i norsk fotball: å hente spelarar frå lågare divisjonar.

Helten i opningskampen, Kapidzic, kom frå Vard Haugesund for to sesongar sidan. Den solide forsvarsspelaren Ulrik Arneberg kom frå Asker. Dei var begge med då Mjøndalen rykka opp i fjor.

Feilslått pengebruk over tid?

«Mjøndalen Fotball bygger stein på stein» annonserte speaker like før full tid. Han kunne ikkje sagt det betre.

Denne kontinuiteten kan kome til vege opp for eit lågt budsjett i Mjøndalen sitt tilfelle, særleg viss fleire av konkurrentane i nedrykkstriden må selje nøkkelspelarar i løpet av sommaren.

Dei har sågar eit statistisk faktum på si side: Berre fem av dei 24 laga som har rykka opp til eliteserien dei siste 10 sesongane har rykka rett ned igjen.

Når Viking går på eit tap i opningskampen, er det ikkje berre eit signal om at oljesjeikane i Stavanger har mindre å rutte med her og no. Det er eit kraftig signal om feilslått pengebruk over tid.

Vi treng ikkje seie meir enn ”SK Brann” for å understøtte den konklusjonen. Berre tida vil vise om Viking går på same smell som Brann gjorde i fjor.

Det einaste vi kan konkludere sikkert med etter éin kamp er at Viking slit tungt med å score mål. Då keeper Iven Austbø var med opp på to corner på overtid, var desperasjonen til å ta og føle på.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotball

  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Alvorlig kneskade tvinger Sandefjord-spiller til å legge opp

    Sandefjord-spiller Andreas van der Spa (25) har tatt den tunge beslutningen om å avslutte fotballkarrieren etter at en kneskade har skapt komplikasjoner.

    Eliteserieklubben opplyser om beslutningen på sine nettsider fredag.

    Der heter det at van der Spa skulle gjennomgå det som på forhånd var antatt å være en enkel kneoperasjon. Det viste det seg ikke å være.

    – Samtalen med legen i etterkant var nedslående – og det var naturlig for meg å få noen flere synspunkter. Derfor har noen av de fremste ekspertene her i landet kommet med sine konklusjoner. Det er bare å krype til korset og slutte med toppfotballen, sier van der Spa.

    – Det har selvsagt vært blytungt, og jeg har vært helt i kjelleren, sier han videre og forteller at han rømte landet etter beskjeden.

    Beskjeden han fikk fra legene var krystallklar. Mer toppfotball kunne gitt varige skader.

    – Da jeg fikk «dommen» kom det som et sjokk. Jeg hadde ingen problemer da jeg kom til Sandefjord, sier nordlendingen.

    Forsvarsspilleren ble hentet inn som erstatter etter at kaptein Sander Moen Foss forsvant til Lillestrøm. Han var tiltenkt en sentral rolle i Sandefjord etter overgangen fra Sogndal. (NTB)

    Andreas van der Spa
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Maanum kan gjøre comeback etter kollapsen søndag

    Arsenal-sjef Jonas Eidevall opplyser at Frida Maanum kan bli å se i søndagens kamp mot Leicester etter en lang periode på sidelinjen.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset på overtid i ligacupfinalen mot Chelsea for snart tre uker siden. Hendelsen satte en støkk i både lagvenninner og andre.

    Svenske Eidevall forklarer at Maanum overvåkes medisinsk mens hun gradvis gjør seg klar for å komme tilbake på banen.

    – Alt går bra for øyeblikket, men vi må holde oss til protokollen og prosessen. Og så håper vi selvsagt at hun kan være tilgjengelig for å spille søndag, sa Eidevall på fredagens pressekonferanse.

    Søndag tar Arsenal imot Leicester som ligger på 9.-plass på tabellen.

    Arsenal ligger på 3.-plass i serien med seks poeng opp til tittelrivalene Manchester City og Chelsea. (NTB)

    Frida Maanum i aksjon i ligacupfinalen mot Chelsea
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Gulbrandsen tilbake i Molde-troppen til storkampen

    Molde-trener Erling Moe kan glede seg over å ha spissen Fredrik Gulbrandsen tilbake i troppen til søndagens storkamp mot Bodø/Glimt i Eliteserien.

    – Det blir vel én forandring, og det er at Martin Linnes ikke er med oss oppover. Fredrik Gulbrandsen er tilbake i troppen. Ellers ser det helt likt ut (som sist), sier Moe til TV 2.

    Gulbrandsen ble skadd allerede i serieåpningen mot Strømsgodset og har siden jobbet hardt for å komme tilbake. Det er uklart hvor mye han kan spille av søndagens toppkamp.

    Linnes startet i 1-2-tapet mot Odd onsdag og gikk av etter en time.

    For Glimts del er eneste endring at Ulrik Saltnes er tilbake i troppen. Han sto over mot Lillestrøm (5-0-seier) sist helg på grunn av sykdom.

    Kampstart på Aspmyra søndag kveld er klokken 19.15. (NTB)

    UEFA Europa Conference League 2023/2024: Molde - Club Brugge (2-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden
Guro Reiten