Det er Oslo tingrett som har kome fram til dette i dag. Retten dømmer ikkje dei to til sakskostnadar, ettersom bøtene er såpass store.
Episoden saka dreier seg om, oppstod då den eine av dei to kom i konflikt med ein annan, og slo den andre med knyttneven. Den andre slo også med knyttneven, men vart deretter borte i mengda.
Den andre vart arrestert då politiet trudde han ville gå til angrep på ein annan mann. Han gjorde stor motstand mot politiet, og det er det han er domfelt for.
Begge er tidlegare straffedømde for vald, og dette er teke med i skjerpande retning, går det fram av dommen frå Oslo tingrett.
- Les også: – Bråket kan føre til at folk holder seg hjemme
- Les også: Tre fotball-supportere pågrepet
Casual-bråket som gjekk føre seg i forkant av oppgjeret mellom Vålerenga og Brann, førte til at politiet måtte bruka tåregass. Det var òg fleire born til stades i nærleiken av slåstkampane.