Stoke Citys ungdomsspelar Andrew Hall (18) er arrestert etter at ei jente blei funnen drepen i eit hus i Bedfordshire natt til sundag, skriv Sky News.
Megan-Leigh Pat døydde av knivstikkinga. 15 åringen var arresterte Halls kjærast.
Stoke-spelaren blei pågripen av politiet kort tid etter episoden.
– Ein 18 år gamal mann blei raskt arrestert etter episoden. På grunn av ei skade han hadde pådratt seg blei han frakta til sjukehus, opplyser politiet i Bedfordshire.
Hall spelte for Stokes U-18-lag førre sesong, og skal ha fått tilbod om ny kontrakt i vår.
Stoke City vil ikkje kommentere saka.
