UEFA fyller 60 år i år, og markerer jubileet med å kåre det beste målet i desse åra. Dei har plukka ut 60 kandidatar frå alle europeiske turneringar – for menn, vel å merke – i det europeiske fotballforbundets historie.
Du kan sjå alle scoringane og gi di stemme på
.Metalist Kharkov møtte Rosenborg i fjerde kamp i gruppespelet i europaligaen heime i Ukraina 8. november 2012.
På stillinga 1-1 etter 70 minutts spel fekk Taison (eller
, som han også heiter), eit overlegg frå venstre. Frå spiss vinkel ute på kanten av 16-meteren smelte han til på direkten. Ballen fauk inn heilt oppe i motsett kryss, utan sjanse for RBK-keeper Alexander Lund Hansen.Ikkje ulikt Marco van Bastens avgjerande mål mot Sovjetunionen i EM-finalen i 1988 – som også sjølvsagt er med.
Metalist vann til slutt 3-1.
–Tre svenske scoringar
Ingen nordmenn er med på lista. Men tre svenske scoringar er med: Tomas Brolins sigersmål mot England i EM heime på Råsunda i juni 1992, og Mikael Nilssons opningsmål i IFK Göteborgs 3-0-siger over PSV Eindhoven i gruppespelet i meisterligaen i mars 1993.
Og Zlatan er sjølvsagt med, han er representert med 25-meterskotet sitt mot Anderlecht i gruppespelet i meisterligaen i fjor. Paris Saint-Germain vann 5-0, Zlatan scora fire.
Dagens president for jubilanten, Michel Platini, er også med. Ei av scoringane hans frå hattricket mot Jugoslavia (3-2) på vegen mot Frankrikes EM-gull i 1984 er funnen verdig til ein plass blant dei 60.
UEFA vart stifta allereie 15. mai 1954, men den eldste scoringa i utvalet er «berre» frå 1968 – Pietro Anastasis mål som avgjorde finale-omkampen i EM 1968. Italia slo Jugoslavia 2-0 etter 1-1 i den første kampen.
Lionel Messi, Cristiano Ronaldo, Marco van Basten, Zinedine Zidane, Kaka, Paul Gascoigne, Mark Hughes, Arjen Robben, Radamel Falcao – dei er der alle saman.
Nyt 60 vakre mål, og stem.