Måndag vart andre kvalifiseringsrunde til meisterligaen gjennomført i Sveits. Der vart det klart at Molde møter dei irske seriemeistrane Sligo Rovers.
– Då tenkjer eg fyrst på det irske publikumet. Det blir ein kamp med kjempegod stemning, seier Solskjær etter at trekninga er eit faktum.
- LES OGSÅ: –
Kunne fått enklare trekning
Laget kjem til å gje tøff motstand, og er, som Molde, midt i sesongen.
– Me kunne fått enklare trekning enn dette, meiner Molde-manageren.
Molde får bortekamp fyrst, anten 16. eller 17. juli. Veka etter kjem oppgjeret på Aker stadion. Solskjær trur det er positivt at dei fekk ein tur til Irland, sidan reisa dit ikkje er for krevjande for laget.
– Eg kjenner også manageren deira ganske godt, fortel Solskjær til NRK.
Saman på trenarkurs
Dei to var saman på trenarkurs i England. Ian Baraclough tok Sligo Rovers til sin fyrste serietittel i fjor, Solskjær har teke Molde til sine to fyrste gull i sine to fyrste sesongar.
– Det skal bli kjekt å treffe han. Kjekkare, sjølvsagt, viss me går vidare, seier Molde-manageren.
No ventar nokre veker der Solskjær skal studere laget han skal møte, før kvalifiseringskampane er undervegs.