Det betyr at halvparten av dei nominerte kjem frå Trondheims-klubben. I tillegg er RBK-trenaren også nominert.
Det er Norges Fotballforbund og Norsk Toppfotball som arrangerer den årlege kåringa av dei beste i norsk fotball.
Resultatet blir avgjort av ein jury, kapteinane i eliteserien og 1. divisjon, og resultatet av ei folkerøysting. Kvar av desse tel ein tredel, og fristen for å røyste er 31. oktober.
Dette er kandidatane:
Årets keeper:
- Mande Sayouba, Stabæk
- Andre Hansen, Rosenborg
- Ørjan Håskjold Nyland, Molde
Årets forsvarsspelar:
- Jonas Svensson, Rosenborg
- Vegard Forren, Molde
- Vieux Yakhya Sane, Bodø/Glimt
Årets midtbanespelar:
- Ole Kristian Selnæs, Rosenborg
- Iver Fossum, Strømsgodset
- Mike Jensen, Rosenborg
Årets angrepsspelar:
- Alexander Søderlund, Rosenborg
- Adama Diomande, Stabæk
- Pål Andre Helland, Rosenborg
Årets trenar:
- Jan Halvor Halvorsen, Bodø/Glimt
- Bob Bradley, Stabæk
- Kåre Ingebrigtsen, Rosenborg
Årets dommar:
- Svein Oddvar Moen, Haugar
- Dag Vidar Hafsås, Kolstad
- Anders Johansen, Brevik
Årets unge talent (fødd i 1996 eller seinare):
- Sander Svendsen, Molde
- Kristoffer Ajer, Start
- Iver Fossum, Strømsgodset
Årets spelar i 1. divisjon:
- Babacar Sarr, Sogndal
- Fredrik Haugen, Brann
- Pontus Engblom, Sandnes-Ulf
Dessutan skal prisen som årets spelar i eliteserien delast ut, men den blir avgjort av juryen, ser Jo Bergsvand er leiar.
Prisane blir delte ut søndag 8. november, same dag som eliteserien blir avslutta.