– Ja, det er faktisk det, om eg har rekna rett, fortel NRK-veteranen.
Men kampen søndag blir hans første som pensjonist.
Han såg sin første finale frå tribunen i 1953. Viking slo Lillestrøm 2-1, og ni år gamle Arne var ein av 31.102 tilskodarar.
Seinare har han sett alle, omkampar inkludert, utanom finalen i 1973. Svært mange av dei som NRK-kommentator.
Fem finaler med Odd og Molde
Han har kommentert til saman fem finaler med årets to finalelag – to med Odd og tre med Molde.
– Fellestrekket for dei fleste av desse, og nesten alle andre finaler eg har sett, er dramatikken og nerven. Det gode spelet har det ikkje alltid vore, men ramma rundt ein cupfinale gjer det alltid spennande. Og ettersom det skal avgjerast i ein kamp, er det aldri avgjort på førehand, uansett favorittstempel, seier han.
Scheie har kommentert desse finalene med Odd og Molde:
- Molde Viking 1989 (2-2 eeo og 1-2)
- Odd - Viking 2000 (2-1 eeo)
- Odd - Vålerenga 2002 (0-1)
- Molde - Aalesund 2009 (2-2 eeo, 4-5 på straffer)
- Molde - Rosenborg 2013 (4-2)
Kva minnest han best frå desse fem kampane?
– Vanskeleg å seie. Det har vore mykje drama. Det var spesielt i 2009, den aller første cupfinalen som vart avgjort på straffespark. Ikkje minst sidan Molde nok vart snytt for straffe i den ordinære tida, og at Aalesund utlikna to gonger etter å ha fått ein mann utvist, seier Scheie.
Første gull etter 69 år
– Og i 2000 var det også ein spesiell finale. Odd er mestvinnande cuplag i fotballhistoria, men i 2000 var det 69 år sidan det siste NM-gullet.
– Der fekk vi også ein dansk matchvinnar, noko som var litt meir uvanleg enn i dag. Christian Flindt Bjerg scora i byrjinga av andre ekstraomgang, berre eit minutt etter at han var bytta inn, seier Scheie om Odds 12. NM-gull etter 2-1 over Viking.
To år etterpå var Odd igjen i finalen og Scheie i kommentatorboksen.
– Det er vel den einaste finalen eg har kommentert og som ikkje har klart å skape spenning og nerve. Bjørn Arild Levernes scora for Vålerenga etter fem minutt, og etterpå skjedde det ingenting.
Siste kamp i fjor
Scheie kan ikkje unngå å nemne finalen i fjor. Molde slo Rosenborg 4-2 i ein god kamp der mykje skjedde. Men for Scheie var det også ein annan grunn til å hugse den kampen.
– Det var den siste fotballkampen eg kommenterte, etter 42 år i NRK. Det var spesielt, sjølv om eg hadde førebudd meg på denne dagen og denne kampen lenge, seier Scheie.
Han hugsar også godt Moldes kamp mot Lyn i 1994, sjølv om det ikkje var han som kommenterte.
– Begge laga var i 1. divisjon, men Molde hadde rykka opp var i ferd med å byggje opp eit godt lag. Kjetil Rekdal var tilbake, og Molde med dei tre S-ane skulle ta eliteserien med storm året etter, seier Scheie om det som skulle bli Molde-kaptein Ulrich Møllers første triumf i hans siste kamp etter 15 år i klubben. Og om finalen som blir hugsa for to gigantiske keepertabbar som gav 1-1 etter berre 12 minutt.
Miste finalen i 1973
I løpet av alle desse åra er det berre ein finale Arne Scheie har gått glipp av – Strømsgodsets siger over Rosenborg i 1973. Det var tidleg i hans karriere i NRK.
– Eg skulle til USA for å lage ein reportasje på Jan Stenerud i NFL-ligaen i amerikansk fotball. Dermed fann leiinga ut at eg ikkje skulle få cupfinalen også, dit var det andre som skulle få lov å reise, seier Scheie.
– Det kan kanskje finnast andre som har sett 70 eller fleire finaler. Men eg trur ikkje det er mange, seier Arne Scheie.