Ein lobb og eit vakkert dribleraid frå Mohamed Elyounoussi sørga for at Sarpsborg 08 slo Ranheim 2–0 laurdag.
Ranheim blei laget frå 1. divisjon som fekk spele kvalifisering til Eliteserien, medan Sarpsborg enda på kvalikplassen i den øvste divisjonen. I første kamp, på heimebane, vann Sarpsborg 1–0 etter enormt sjansesløs.
Dermed var spenninga på topp før kamp nummer to – på Ranheim si heimebane.
- Les også:
«I have locked myself in the changing room toilet»
Det var derimot ikkje berre i kampen det var nervar. Sarpsborg 08-trenaren si lett humoristiske Twitter-melding etter 2-0-sigeren laurdag viser at han nok var nervøs.
– Eg har låst meg inn på badet i garderoben for å nyte dette. Eg trudde heile tida at vi ville halde oss oppe. Eg er veldig stolt av spelarane, skreiv engelskmannen.
Sarpsborg 08 treng no ikkje å ta den tunge turen ned i 1. divisjon, medan Ranheim må ta til på sesong nummer fem på nest øvste nivå etter opprykket i 2009.