Den jordanske prinsen var sjølv Sepp Blatters motkandidat ved valet i mai. No tar han til motmæle mot Platinis kandidatur.
– FIFA treng eit nytt og uavhengig leiarskap som er upåverka av det som har skjedd i organisasjonen i det siste, seier prins Ali.
I dag vart det offisielt klart at Platini stiller som kandidat ved FIFAs ekstraordinære presidentval i februa.
Det antyda han sjølv i går, og i dag stadfesta UEFA det på sine nettsider.
FIFA skal velje ny president på ein ekstraordinær kongress 26. februar. Då skal Sepp Blatter gå av etter nesten 18 år i vervet.
– FIFA er nedlesst av skandaler. Vi må slutte å seie «business as usual». Det som har skjedd på bakrommet og under bordet, må opphøyre, seier han.
Platini får konkurranse om presidentjobben. Koreanske Chung Mong-joon har allereie offisielt erklært seg som kandidat, og det er også venta at prins Ali vil stille. Han tapte då Blatter vart attvald i mai i år.
Platini var ein mogeleg kandidat også den gongen, men valde å trekkje seg før kongressen.
– Personleg og nøye gjennomtenkt
Aktuelle kandatar har frist til 26. oktober med å melde seg. Berre dei som kan dokumentere støtte frå minst fem medlemsland, og som dessutan er godkjende av FIFAs etiske komite, får lov å stille opp.
– Dette var ei svært personleg og nøye gjennomtenkt avgjerd, sa Platini i ein uttale på uefa.com.
– Det kjem stunder i livet då du må ta din eigen lagnad i dine eigne hender, la franskmannen til.
Mange gratulerte straks Platini hadde kunngjort sitt kandidatur. Ein av dei var Southampton-manager Ronald Koeman:
Men svært mange er også skeptiske – her er ein av dei:
Sepp Blatter vart attvald for ein femte periode 29. mai, men kunngjorde allereie 2. juni at han ville trekkje seg straks det let seg gjere å velje ein etterfølgjar.
Røysta for Qatar
Michel Platini – som fylte 60 år i juni i år – har vore UEFA-president sidan 2007. Då slo han svenske Lennart Johansson ved valet, og vart oppfatta som ein Blatter-støtta kandidat. Platini vart attvald i UEFA i 2011 og tidlegare i år.
Men sidan har han markert seg som ein stadig sterkare motstandar av Blatter.
Han var ein av dei som røysta for Qatar i 2010, då arrangøren VM i 2022 skulle peikast ut. Og han var også ein av dei som kravde Blatters avgang i mai, i samband med korrupsjonsskuldingane og politirassiaen i Zürich i dagane før FIFA-kongressen.