Hopp til innhold

«Rebellklubben»: Protestklubb for ti år sidan - opprykksjubel i går

Klubben vart stifta i protest mot dei amerikanske eigarane av Manchester United for nokså nøyaktig 10 år sidan. Her er historia om korleis rebellane rykka opp.

FC United of Manchester

Rebellklubben United of Manchester rykka opp i går, og siktar mot The Football League

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

I går kveld vart United of Manchester klare for Conference-systemet i engelsk fotball. Og på toppen av alt skal dei opne ny bane med kamp mot sjølvaste Benfica.

Med 1-0 og tre poeng mot Stourbridge tysdag kveld, var saka klar: Siger i Northern Premier League Premier Division , og opprykk til Conference North. 3588 tilskodarar gjekk amok då kampen var slutt.

– Der trur eg vi skal klare oss godt. Opprykket vil gi ein ny giv rundt laget. Og vi har slått lag på det nivået før, seier Lars Gråbergsveen.

Han har følgt United of Manchester sidan starten, og ser fram mot neste sesong. Opprykkskampen tysdag følgde han heimanfrå via radio.

Laster Twitter-innhold

Opprykket er ei praktfull tiårsgåve til ein klubb med ei spesiell fortid . Og til overmål får dei eiga bane, som blir opna med sjølvaste Benfica på besøk 29. mai.

Det burde kanskje ikkje vere noko å lage overskrifter av. Det er snakk om opprykk frå nivå 7 til nivå 6. Langt unna Premier League og Manchester United, med andre ord.

Men neste sesong skal dei iallfall møte Stockport County – som spela på nivå to på 90-talet, og var i ligaen så seint som i 2011.

Den supporterstyrde og ekstremt demokratiske klubben frå nordre del av Manchester legg ikkje skjul på at The Football League er eit mål. Dit er det framleis to opprykk.

– Det er mogeleg, seier manager Karl Marginson. – Mange klubbar ville gitt kva som helst for den støtta vi har.

Protestklubben

FC United av Manchester

Langt unna glorifisering: Ben Deegan har ingen garderobe å skifte i. Bagasjerommet på bilen får duge

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

United of Manchester er ikkje som andre klubbar. Namnelikskapen med ein langt større klubb i same by er heller ikkje tilfeldig. Og sjølvsagt spelar dei i raude trøyer.

Amerikanaren Malcolm Glazer og hans familie overtok aksjemajoriteten i Manchester United i mai 2005. Overtakinga sette den til då omtrent gjeldfrie klubben i stor gjeld med enorme renteutgifter. Glazer-familien vart svært upopulære i den store skaren av United-tilhengarar.

Nokre av dei bestemte seg for å stifte ein alternativ klubb, ein klubb der supporterane skulle ha styringa. 30. mai stifta dei klubben FC United of Manchester . Målet var ein klubb styrt så langt som mogeleg frå det dei meinte var brutale kapitalistmetodane Glazier brukte for å få kontroll over og drive Manchester United.

Klubben fekk raskt oppnamnet Red Rebels.

– Det var den utløysande faktoren for stiftinga av klubben. Men det var ikkje heile årsaka. Frustrasjonen hadde bygt seg opp ei stund, og gjekk vel først og fremst på at billettane til Premier League berre hadde blitt dyrare og dyrare, og ikkje lenger var noko den vanlege fotballtilhengar hade råd til. Mange United-tilhengarar hadde fått nok, seier Gråbergsveen.

Supporterane bestemte billettprisane

Det grunnleggande var at klubben skulle styrast av medlemene. Eit medlem har ei stemme på årsmøtet, uansett kor store donasjonar vedkomande har gitt. Og supportarane har alt å seie.

Til og med billettprisane er avgjort av supporterane. Til den avgjerande kampen mot Stourbridge var den fastsett til 8 pund for vaksne, 2 for barn.

– United er absolutt ein familievenleg klubb, seier Lars.

Han var ein av Manchester United-supporterane som valde å stifte den nye klubben, og var med frå starten sommaren 2005. Han reiser sjølv ofte over til Manchester for å sjå kampane.

– Det er så langt unna Premier League som ein kan kome. Her kjem du nær innpå spelarane heile tida, frå bana til puben.

Laster Twitter-innhold

Kritikk frå Sir Alex

Manchester United-manager Alex Ferguson var ikkje imponert over utbrytarklubben. Han meinte det ikkje kunne vere ekte United-fans som stod bak noko slikt.

I'm sorry about that. It is a bit sad, that part, but I wonder just how big a United supporter they are. They seem to me to be promoting or projecting themselves a wee bit rather than saying, «at the end of the day the club have made a decision, we'll stick by them». It's more about them than us.

Sir Alex Ferguson

På supportermøtet 30. mai 2005 blei det vedteke at om 1000 personar hadde meldt seg som interesserte medlemmer innan utgangen av juli, skulle klubben stiftast.

Interessa var enorm frå dag 1.

I løpet av månaden hadde dei audition for spelarar, og 900 møtte fram. Mindre enn ein månad etter stiftinga hadde 4000 personar lova å støtte United økonomisk, og klubben hadde allereie ein million kroner i banken.

Sjåførlærar blei klubbdirektør

Karl Marginson

Karl Marginson har vore manager i United heilt sidan starten for ti år sidan

Foto: PHIL NOBLE / Reuters

Ein lokal sjåførlærar, Andy Walsh, vart dagleg leiar i klubben. Han sa opp jobben sin for å bli med den nye kluben, og har jobben enno. Også manager Karl Marginson har hatt jobben heilt sidan starten i 2005.

16. juli spela dei sin første kamp, og i august begynte dei sesongen i North West Counties Football League – nivå 10 i det engelske ligasystemet. Bana var Burys heimebane Gigg Lane, litt nord for Manchester, og der heldt dei til nokre år.

– Men utleigaren var ikkje alltid heilt enkel å forhalde seg til, derfor måtte vi låne fleire baner, seier Lars Gråbergsveen.

Kampkollisjonar og andre hendingar har ført til eit omflakkande banetilvere. Totalt har dei hatt sju ulike heimebaner sidan starten for ti år sidan.

Denne sesongen deler dei bane med divisjonsrivalen Curzon Ashton.

Enorm publikumsstøtte

Men uansett har United hatt eit godt grep om publikum. Første sesongen smadra dei publikumsrekorden i ligaen gong etter gong. Over 6000 møtte fram på den siste heimekampen då dei fekk utdelt sigerspokalen.

Seinare har det gått litt nedover, men publikumstalet har stabilisert seg på rundt 2000 på heimekampane. Det er himmelhøgt over konkurrentane.

På jubelkampen mot Stourbridge kom det 3588 tilskodarar. Det er over tusen fleire enn på den nest best besøkte kampen i divisjonen denne sesongen.

Fenomenet United of Manchester er ikkje berre for heimbyen. Denne helsinga blei lagt ut på twitter før kampstart tysdag kveld:

Laster Twitter-innhold

Største kampen i klubbhistoria var i 2. runde i FA-cupen i 2010 – den einaste gongen klubben kom så langt. Etter 3-2 over Rochdale i 1. runde, spela dei 0-0 borte mot Brighton. 6300 meneske kom for å sjå omkampen på Gigg Lane, der United tapte 0-4.

I årets serie har United eit snitt på 2051 tilskodarar. Nummer to på lista er Halesowen Town med 532 .

Tre tapte playoff-finaler

Dei tre første åra gav tre strake opprykk. Men så var det stopp i Northern Premier League Premier Division. Dei siste fire åra har dei vore i playoff, tre av dei i finalen. Men United har alltid snubla.

Fram til i år. Dei har leia lenge, og vann ti kampar på rad ein periode i vinter. Sidan 22. november har dei berre gått på eitt einaste tap. Og no er medlemsklubben i Manchester klar for Conference North – nivå 6 i ligasystemet.

Opnar ny bane mot sjølvaste Benfica

United feirer også jubileet med ny bane. Broadhurst Park i Moston, nord i Manchester, til 6 millionar pund og med plass til 4500 tilskodarar skulle stått ferdig i september. Men forseinkingar har gjort at bana enno ikkje er ferdig.

– Det blir godt å få eiga bane. Dermed kan vi ha ein større del av inntektene sjølve, i staden for å betale baneleige. Og vi får ein heim, seier Gråbergsveen.

Han reiste ikkje over for å sjå opprykkskampen tysdag. – Det freista, men eg hadde ikkje råd, seier han. Han vil heller ta ein tur til baneopninga mot sjølvaste Benfica 29. mai.

Rett nok stiller det portugisiske storlaget med sitt B-lag, men det er stort likevel.

– Det er eit godt forhold mellom Manchester og Benfica, seier han.

– Inviterer ingen frå Manchester United

Broadhurst Park er slett inga elitebane. Utanom kampdagane skal den fungere som ei bane for barn og ungdom i bydelen. Manchester kommune har derfor gått inn med ein heil del pengar.

– Vil de invitere Louis van Gaal (Manchester United-manager) til opninga?

– Det er eit godt spørsmål, seier Andy Walsh. Før han svarer:

– Vi har ingen planer om å invitere nokon frå Manchester United til den kampen. Vi vil sjølvsagt ikkje ha noko i mot at dei kjem til kampen. Men då må dei stå i kø som alle andre.

«Stjernenes klubb» rykka også opp

United of Manchester var ikkje den einaste klubben med Manchester United-tilknytning som kunne juble i går. Salford City sikra sigeren i Northern Premier League Division One, der dei har spela sidan 2008.

Laster Twitter-innhold

Dei tidlegare Manchester United-stjernene Ryan Giggs, Gary Neville, Phil Neville, Paul Scholes og Nicky Butt tok over klubben i fjor. Giggs sa då at ambisjonane er Championship (nivå 2) innan 15 år.

I går tok dei første steget.

Salford er nabo og erkerival til United of Manchester. Men det blir ikkje lokaloppgjer neste sesong.

PS: United of Manchester er ikkje den einaste engelske klubben som er stifta i protest. AFC Wimbledon og AFC Liverpool er to andre medlemsstyrte «protestklubbar».

AFC Wimbledon vart stifta då den gamle Wimbledon vart flytta frå London til Milton Keynes i 2002 (som Milton Keynes Dons). Den er spesielt kjend i Norge fordi Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten var involvert i prosessen som førte til flyttinga. AFC Wimbledon har klatra heilt opp til League Two – nivå fire i England.

AFC Liverpool vart stifta i 2008 i protest mot dei stadig stigande billettprisane på Liverpool FC sine kampar på Anfield. Stiftarane var Liverpool-fans som ikkje lenger hadde råd til å gå på kamp. AFC Liverpool spelar no i North West Counties Football League, nivå ni i den engelske fotballpyramiden.

Fotball

  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
  • Viking stoppet av FFK – tre kamper uten seier

    Poengfangsten går trått for Viking. Søndag ble laget holdt til 1-1 hjemme mot Fredrikstad.

    Ikke siden åpningskampen har Viking stått igjen som vinner i Eliteserien. Nicholas D'Agostinos hodestøt fikset poenget mot FFK.

    Før det hadde Morten Bjørlo gitt gjestene ledelsen på fantastisk vis. I det åttende minutt snappet han opp en svak Viking-pasning, tok seg oppover i banen og knallet inn 0-1 fra 20 meter.

    (©NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Viking - Fredrikstad
    Foto: Carina Johansen / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden