– Vi var 11 frå styret i FIFA som melde han til politiet for det som vart kalla economic mismanagement. Men saka vart lagd bort, seier Omdal til NRK.
Omdal har hatt mange verv i fotballen. Han har vore norsk fotballpresident, og styremedlem både i UEFA og FIFA.
Glad Blatter trekte seg
I dag er han glad for at
.– Er du overraska?
– Nei eigentleg ikkje. Men han burde gjort det for mange år sidan, seier Omdal.
– Kvifor skjedde det akkurat no, trur du?
– Eg trur at det som utløyste det, var brevet som trekte generalsekretær Jerome Valcke inn i korrupsjonsskandalen, seier Omdal, og siktar til brevet som
.– Dermed begynte skandalene å kome så nær Blatter at han ikkje lenger kunne leie organisasjonen, meiner Omdal.
– FIFA er verdas største idrettsorganisasjon for barn og ungdom. Dei fortener ein organisasjon som er betre leia enn det Blatter har stått for, seier Omdal, som sjølv er sterkt involvert i fotball for kvinner, barn og ungdom i Jordan.
Demokratisk underskot
Omdal er litt forundra over at Blatter likevel skal bli sitjande som president i fleire månader enno.
– Eg ville tru at når han varslar sin avgang berre nokre få dagar etter at han er vald, ville han gå av straks og overlate leiinga til den eldste av visepresidentane fram til den ekstraordinære kongressen, sa Omdal på Aktuelt på NRK2 i kveld.
– Er det demokratisk underskot i FIFA?
– Ja så absolutt.
– Ikkje varig skade på FIFA
Men han trur på betre tider no.
– No har FIFA sjansen til å reorganisere seg grunding. Det gjeld både FIFA sentralt og på regionalt nivå. Det trengst, og det er dei 73 som røysta på Blatters motkandidat ved valet som bør ta initiativet.
– Har skandalane gjort FIFA uoppretteleg skade?
– Nei, FIFA er ein sterk organisasjon. Skandalane er knytte til krinsen rundt ein mann, og når han er vekk, vil FIFA jobbe vidare. Det finst mange gode fotballeiarar. Når Blatter er borte, er det lys i tunnelen, meiner Omdal.