Hopp til innhold

Blir denne Norges-ambassadøren IOCs neste president?

Etter 12 år seier Jacques Rogge at nok er nok. Singapores ambassadør til Noreg er ein av dei som kan bli neste OL-presidenten. Men det kan også ein tyskar frå Bayern. Avgjer det om Oslo eller München får OL 2022?

 Ser Miang Ng

Ser Miang Ng er Singapores Noregs-ambassadør, og kan bli IOC-president

Foto: Martial Trezzini / Ap

Singapores ambassadør heiter Ng Ser Miang og er 64 år. Han er såkalla "non-resident" ambassadør, det vil seie at han ikkje bur her fast. Men han er ofte i landet, og kjenner dermed landet godt.

Hardaste motkandidaten heiter Thomas Bach og er ikkje berre tysk, han er også frå Bayern.

Første OL-tildelinga for den nye presidenten blir vinter-OL i 2022. Kan valet mellom tyskaren og noregsvennen bli avgjerande for eit eventuelt val mellom München og Oslo når avgjerda fell om to år?

– Han har vore på omfattande sightseeing rundt omkring i landet, og er ein ivrig alpinkøyrer. Han kjenner godt både norsk geografi og vintersportstradisjonar, skriv Olaf Thommesen i eit blogginlegg.

Tidlegare var han ambassadør også til Ungarn.

Førstemann frå Asia?

Han er ikkje favoritt, men kan score på at sju av åtte tidlegare IOC-presidentar har vore frå Europa. Den åttande var amerikanar. Kanskje meiner IOC at det er på tide med ein president frå eit anna kontinent.

Ng har vore IOC-medlem sidan 1998, og er rekna som ein av "fedrane" bak ungdoms-OL.

Han er fødd i Kina, men har blitt ein del av den store kinesiske folkegruppa i Singapore, og er nemnd som ein sterk outsider i kampen om presidentvervet.

– Eg trur han er i ferd med å få stadig større oppslutnad. Når vi kjem til røystinga 10. september, kan han vere i front, skriv spaltisten Alan Hubbard i insidethegames.biz .

Vil inkludere IOC-medlemmene

Forretningsmannen, diplomaten og den tidlegare seglaren brukar som sitt fremste argument at det er på tide med ein asiat i IOCs toppverv.

Jacques Rogge

Jacques Rogge meiner at nok er nok, og gir frå seg presidentvervet i dag

Foto: Salvatore Di Nolfi / Ap

– Det er ikkje berre symbolsk viktig å få ein president frå Asia, det er også viktig med tanke på kva verdiar vi skal ha, og korleis vi skal handtere ulike kulturar og ulike løysingar på dei utfordringane vi står overfor.

Blir han vald, lovar han å inkludere alle IOC-medlemmene betre i arbeidet med å utvikle organisasjonen.

– I løpet av dei første seks månadene skal eg – om eg blir vald – ha ei lang samtale med kvar og ein av delegatane. Vi treng ein felles visjon som alle medlemmene skal dele, sa Ng i eit intervju med Daily Telegraph i slutten av juli.

– Og det vil eg gjere kvart fjerde år, så lenge eg sit, la han til.

Om hans norske ambassadør-jobb fører til at Oslo kan vente seg ekstra støtte ved ein eventuell søknad om OL 2022, gjenstår å sjå. Men det er det som blir den nye presidentens første OL-tildeling.

Miang er ein populær mann i IOC, men han har likevel ikkje full støtte frå sin eigen verdsdel. Han kan møte motstand frå deler av Asia. Dei som kjenner han, er også redd for at han kan vere for snill, og ikkje tøff nok i alle situasjonane ei presidentverv kan by på.

Thomas Bach er favoritt

Thomas Bach

Thomas Bach er blitt ny IOC-president.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Men favoritten er frå Tauberbischofsheim i Bayern i Tyskland og heiter Thomas Bach. Den 59 år gamle advokaten har over 20 år bak seg i IOC, mange av dei som visepresident.

– Mine IOC-kollegaer veit godt kven eg er, og i denne valkampen er det viktig å vere akkurat slik dei har kjent meg i årevis. Det handlar om tillit, har Bach sagt.

Som aktiv fektar var han på det tyske gullaget i florett i Montreal i 1976. Fire år etterpå stod han i fremste rekke då dei aktive reiste seg og protesterte høglydt mot politikarane sitt vedtak om boikott av OL i Moskva i 1980.

Bach har også uttalt seg kritisk om leikane som blir større og større. Hans syn er at det er viktig for ein nasjon og ein by å kunne arrangere OL, og at omfanget dermed ikkje må bli større og dyrare enn at mange nasjonar kan ta på seg arrangementet.

59 år ung

Dessutan er han rekna som "relativt ung". Det betyr at han trass sine 59 år er den nest yngste av kandidatane, og på same alder som den avtroppande Jacques Rogge var då han vart vald.

Til tyskaren sin fordel talar det også at han snakka flytande fransk og engelsk i tillegg til sitt morsmål. Han har sterk støtte frå sin gode venn Kuwaits sjeik Ahmad Al-Fahad Al-Sabah, den inflytelsesrike leiaren av forbundet av alle dei nasjonale OL-komiteane. Eit stort og sterkt nettverk, med andre ord.

Bookmakerane har ei god stund hatt Bach som storfavoritt. Minuset er at han kan ha vore litt for nær det som kan ha vore ei omfattande doping i det gamle Vest-Tyskland – ei sak som vart offentleg kjend tidlegare i år. Men få trur at det er eit sterkt nok minus til at han blir forbigått av nokon av dei fem konkurrentane.

Dårleg nytt for Oslo?

Kritikarane karakteriserer han også som kjedeleg og utan karisma, og fryktar at han vil bli litt for mykje i lomma på den kuwaitiske sjeiken.

- Fleire av oss (IOC-medlemmene) er litt uroa over sambandet mellom dei to, seier Denis Oswald. Han er også kandidat til vervet.

Og så står det att å sjå om han vil gjere ein innsats for at München i 2022 blir den første byen som arrangerer både sommar- og vinterleikar. Det er i så fall dårleg nytt for Oslo.

– Eit val av meg vil vere ein hyllest til tysk sport, sa han då han i mai kunngjorde at han ville stille som kandidat. Og han har erklært støtte frå tysk idrett.

Men ingenting er sikkert når det gjeld utfallet. Med tildelinga av OL 2020 til Tokyo i friskt minne, har røystene for presidentvervet truleg vore ein del av "handelen" i kulissene. Det trur iallfall professor og tidlegare idrettspresident Hans B. Skaset .

Skaset peikar også på Europas dalande popularitet i resten av verda, ikkje minst på bakgrunn av at veksten i verdsøkonomien kjem frå andre verdsdelar.

Fra ryktebørsen meldes at det fra asiatisk hold er startet en hviskekampanje. Tre bokstaver formidles: ABB! ”Anybody but Bach”! Lykkes et slikt angrep - med henvisning til Europas hegemoni, kan Bach falle, og Singapores NG bli valgt, alternativt finansmannen Richard Carrion, Puerto Rico.

Hans B. Skaset

Sergej Bubka og tre andre

Sergei Bubka

Verdsrekordhaldar i stav, Sergej Bubka, er med sine 49 år truleg i yngste laget til å bli IOC-president. Kanskje neste gong?

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Men dei to er ikkje dei einaste som stiller til val. Det gjer fire andre kandidatar også.

Utfordrar til Bach er i første rekke Ng og puertoricanaren Richard Carrion.

Carrion har i praksis vore IOCs "finansminister" dei ti siste åra, og har også vist seg som eit råskinn når amerikanske TV-avtaler skulle forhandlast. IOCs økonomiske reservar har nidobla seg under hans økonomiske leiing.

Men utover å vere ein pengemann, har ikkje Carrion markert seg. Han har ingen nemneverdig aktiv bakgrunn, og sports-administrativt har han ikkje dradd det lenger enn til styremedlemskap i det internasjonale basketforbundet. Han er ein god og engasjert talar, men har ikkje utmerkt seg med visjonar for IOCs veg framover.

Reagerte mot russisk homo-lov

Men på eitt punkt har han markert seg i fasen fram mot presidentvalet: Han var den første i IOC-leiinga som tok til motmæle mot Russlands kontroversielle homo-lovgjeving. – Ingen kan i framtida rekne med å få arrangere OL dersom dei diskriminerer spesielle folkegrupper, sa Carrion i sommar.

Den uoffisielle valkampen mellom dei seks kandidatane har pågått i fleire månader, og dei har reist mykje for å samle støtte.

Men nokre timar før avrøystinga er det Bach som er bookmakerane sin favoritt, med Ng og Carrion som outsiderar med ein viss reell sjanse. Dei tre andre er ikkje løyvde mange sjansar.

Sergej Bubka er utan tvil det mest kjende namnet av dei. Men med sine 49 år er han rekna for å vere i yngste laget – IOC er ingen ungdomsklubb. Den tidlegare stavhopparen – han har framleis verdsrekorden – er også tidlegare medlem av IOCs utøvarkomité.

Han får truleg fleire sjansar seinare. C.K. Wu og Denis Oswald er også spådd å bli stemt ut tidleg i røystinga.

Avgjerda fell rundt klokka 17.30 norsk tid tysdag.

Siste nytt

  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP
  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Tøff start for norske golfere

    Golfprofilen Kristoffer Ventura fikk et tungt comeback på PGA-touren og ligger på 113.-plass etter første runde av Houston Open.

    Etter én ferdigspilt runde i Houston ligger han tre slag over par og ni slag bak Taylor Moore og Wilson Furr, som deler førsteplassen.

    Det gikk ikke bedre for Celine Borge i LPGA-turneringen i Arizona. Borge gikk sin åpningsrunde ett slag over par.

    Det gir en foreløpig 123.-plass, nesten 60 plasser bak den forventede cuten.

    (NTB)

    it7lekDvsTU
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal