Det betyr at Alexander Tettey og hans lagkameratar berre er 90 minutt – pluss eventuelle ekstraomgangar og straffespark – unna retur til Premier League, som dei rykka ned frå for eitt år sidan.
«Old Farm» er blitt kallenamnet på møta mellom desse to laga frå det beste jordbruksdistriktet i England. Naboane har møtt kvarandre ofte, men sjeldan i like viktige kampar som no, med millionar av pund på spel.
Kampen i Ipswich førre helg enda 1-1, og første omgang på Carrow Road i Norwich var jamn. Det vil seie at Norwich dominerte stor i banespel, men klarte aldri å skape sjansar av betydning.
Straffe og raudt kort
Andre omgang vart ei heilt anna forestilling, med heimelaget i førarsetet. Ei av årsakene var utvisninga av Ipswichs Christophe Berra fire minutt etter pausen. Han stod på streken og redda eit Norwich-skot med handa. Dermed raudt kort til Berra og straffe til Norwich.
Den omsette Wes Hoolahan i scoring, og sende Norwich på veg mot Wembley. Og Ipswich måtte spele nesten ein omgang med 10 mot 11 mann.
Ipswich opplevde ei kortvarig glede då Tommy Smith lurte seg mellom to Norwich-forsvararar og pirka inn utlikninga.
Men Norwich pressa på, og det tok berre fire minutt før Nathan Redmond frå spiss vinkel klarte å sette ballen mellom beina på Ipswich-keeperen, og 2-1.
Spikeren i kista blei banka inn kvarteret før slutt. Cameron Jerome vart spela flott gjennom og sette ballen i mål til 3-1 åleine med keeper.
Dermed var håpet ute for tilreisande Tractor Boys, som må vente minst eit år til for sin første sesong i Premier League sidan 2002.
Alexander Tettey spela heile kampen for Norwich. Jonathan Parr sat på benken for Ipswich og fekk aldri sleppe innpå.