Tabellen var frå før mørk sett med Manchester United-auge. Niandeplass, 12 poeng bak serieleiar Arsenal og fire tap på dei første 14 kampane i Premier League.
Mot Newcastle blei ei Yohan Cabaye-scoring etter 61 minutt avgjerande. Robin van Persie trudde han utlikna i det 72. minutt, men nederlendaren var i offside.
For bortelaget sin del enda 1-0-siger i tabellklatring – i alle fall mellombels – forbi Tottenham til sjetteplass.
For Manchester United gjer tapet at Aston Villa kan klatre forbi og sende fjorårets seriemeister ned til 10. plass. I tillegg går Moyes' menn inn i statistikkbøkene på lite flatterande vis: Det er første gong sidan mai 2002 at dei raude og kvite taper to heimekampar på rad.
Dersom Arsenal slår Everton søndag kan i tillegg forspranget til serieleiaren bli avskrekkande 15 poeng.
- Les også:
Sist gong var i 1972
– Dette er éin av mine største augneblinkar i tida mi her, vi har venta i 41 år. Ei storslått framsyning, seier Newcastle-manager Alen Pardew til BBC etter kampen.
Det er nemleg 41 år sidan Newcastle sist vann på Old Trafford. I 1972, 11. februar, vann Newcastle 2–0 over Manchester United i Manchester.
– Eg veit vi ikkje vil få overskriftene på grunn av United og David Moyes, men vi fortener dei fordi spelarane var fantastiske, meiner Pardew.
Om Moyes og situasjonen i Manchester United seier Newcastle-manageren dette til den britiske statskanalen:
– Det er tøft for David Moyes og eg tenkjer at ting jobba mot han med Rooney ute. Han er ein fantastisk person og ein stor manager og det beste klubben kan gjere er at halde seg ved han.
– Dei har gjort det før og han vil komme ut av det smilande. Det er viktig at fansen og styret held seg til han, trur Pardew.
– Vi mangla kreativitet
Likevel fører dårlege resultat til at Moyes' sin jobbsituasjon blir diskutert. Sjølv var han ikkje veldig glad etter nok eit tap.
– Eg er skuffa. Vi mangla kreativitet på dei rette tidspunkta. Vi må skape meir og spele betre. Vi vil jobbe hardt for å forbetre det, seier han ifølgje klubben si offisielle Twitter-side.
Neste kamp ut for Manchester United er ein tøff bortekamp i Birmingham mot Aston Villa, medan Newcastle tek imot Southampton. Først skal derimot resten av den 15. serierunden spelast, og den kan følgjast her.