Dermed er Molde klar for 3. runde av NM 2013, trass i Byåsen-håp om vinnarsjansar.
– Når du scorar så tidleg som vi gjer, så senkar vi skuldrene, seier Solskjær til NRK.no.
- Les også:
- Les også:
Tok tak frå første minutt
Heilt i byrjinga av kampen prøvde Byåsen seg, men det viste seg tidleg at 2. divisjonslaget hadde lite å stille opp med.
Divisjonsforskjellen gjorde seg tidleg gjeldande, for allereie etter seks minutt kom 0-1. Jo Inge Berget slo inn til Etzaz Hussain som enkelt sette inn leiinga.
Etter 13 minutt gjorde Byåsen det ekstra vanskeleg for seg sjølv, då Byåsen-spelar Håvard Karlsen var uheldig og sette ballen i eige nett.
Molde gjorde det dei trengte, og flaut lenge på 2-0-leiinga. I det 38. minutt kom 0-3 då Martin Linnes banka ballen i mål bak Byåsen-keeper Christopher Tronhus.
– Cupen er viktig for oss. Vi har ambisjonar om å komme til Ullevaal, seier Solskjær.
Redusering til lita nytte
Kampen var så å seie avgjort halvvegs, men Byåsen stod på og prøvde tidleg i andre omgang.
Sjølv etter 0-4 signert Daniel Chima stod heimelaget på. Etter 61 minutt kom scoringa, då Øyvind Alseth frå 20 meter laga 1-4 med eit perfekt skot.
– Det er eit lyspunkt at eg scorar, men det blir overskugga av at vi blir såpass rundspelt, seier Alseth.
I det 85. minutt fastsette Agnaldo sluttresultatet til 1-5.
– Vi skal berre bli betre og betre. Vi har vist før at vi kan vekse i løpet av ein sesong, slår Solskjær fast.