– Bayern likar å styre spelet, og vi let dei ha ballen. Vi hadde kontrollen i forsvar, og visste at vi kunne skape sjansar på den måten, sa Reals forsvarsspelar Sergio Ramos etter sigeren.
Overgangen som gav 1-0 etter 18 minutt stod til 20 i stil. Cristiano Ronaldo spela fram Fabio Coentrao på venstresida. Coentraos innlegg var millimeterpresist, og Benzema kunne enkelt breidside ballen i nettet.
Stolt Bayern-trenar
Bayern-trenar Pep Guardiola rosa spelarane trass tapet.
– Eg er stolt av spelarane. Vi viste karakterstyrke. Vi ønskte in kamp der vi hadde ballen mykje, og det klarte vi. Dessverre mangla avslutningane, sa Guardiola.
I Viasats tv-studio likte kommentator Vidar Davidsen det han såg.
– Dette vart ein veldig interessant kamp. Før scoringa såg det ut som om Bayern skulle leike seg. Men målet kom av eit praktangrep, og etterpå var det Real som var klart farlegast – sjølv om Bayern dominerte ute på bana, sa Viasat-kommentator Vidar Davidsen.
Han meinte kampen var svært god.
– Dette var ein kamp som hadde det meste, sjølv om eg hadde venta litt fleire scoringar. Dette gav meirsmak, sa Davidsen, som ser fram til returkampen i neste veke.
Rune Bratseth i tv-studio trur ikkje Bayern får det lett, sjølv om dei berre tek med seg eit eittmålstap i neste veke.
– Dei møter eit lag som vil klare å ligge kompakt bak, og samstundes er gode nok til å vere farlege nok på overgangar. Dei skal få det tøft heime, sa Bratseth.
15 Bayern-hjørnespark
Ute på graset var det Bayern som styrte alt. Alle statistikkane gjekk klart i Bayerns favør, ifølgje
:- Ballinnehav: 64-36
- Hjørnespark: 15-3
- Angrep definert som farlege: 34-24
- Skotforsøk: 15-9
- På mål: 10-7
- Vellykka pasningar: 667-256
Det er over ti år sidan eit bortelag klarte tosifra tal hjørnespark på Santiago Bernabeu. Bayern klarte 15.
– Vi må berre gratulere dei med sigeren. Vi var beste laget utpå der, men vi mangla dei siste centimetrane. Vi makta ikkje å score, sjølv om vi hadde sjansar, sa Bayerns Arjen Robben til tv-kanalen ZDF.
– På heimebane er alt mogeleg. Vi har ofte bevist at vi kan slå tilbake, sa lagkameraten Philipp Lahm.
Men Real vann den viktigaste statistikken: Scoringane. Reals kontringar var mykje farlegare, iallfall i første omgang. Ronaldo kunne mot spelts gang gitt Real både 2-0 og 3-0 før pause, men var uvanleg lite treffsikker.
– 1-0 er ikkje mykje. Vi må spele på same måten i returkampen, sa Real-trenar Carlo Ancelotti til Viasat.
I andre omgang var Real meir forsiktige, tetta igjen bakover og satsa på å halde 1-0. Likevel hadde dei fleire store sjansar til å doble leiinga på overgangane sine.
Ronaldo starta - Bale på benken
Real starta med Cristiano Ronaldo, som spela sin første kamp etter fire kampar ute med strekkskade. Medan Gareth Bale var plassert på benken etter sin influensa. Dei to stjernene bytte plass 20 minutt før full tid.
– Ronaldo kjende ingentin til lårskaden, og han er garantert betre neste veke, sa Ancelotti.
Kampen vart avslutta i eit forrykande tempo ettersom Bayern jaga utlikninga. På overtid ropa Bayern på straffe då Thomas Müller skulle avslutte inne på femmeteren, men dommaren ville ikkje det.
Dermed gjekk Bayern mållaus av bana for første gang på 14 bortekampar meisterligaen.
Resultatet betyr at dersom Real scorer i München, må Bayern score tre for å gå til finalen. 1-0 frå heimekampen gir 59 prosent sjanse for å gå vidare, ifølgje statistikken frå Infostrada.