Lillestrøm hadde nemleg Frode Kippe tilbake på laget etter skadefråvær. Dermed var LSK på vinnarsporet igjen, og Haugesund vart slått 3–0.
Frode Kippe var tilbake etter fem kampar med skade,
.– Det var godt å vinne igjen, sa Kippe til C More. – Kampen var ikkje heilt topp frå vår side, men vi stod godt imot Haugesund og vann fortent, sa Kippe.
På dei fem kampane Kippe har vore borte, har Lillestrøm tatt skarve 2 poeng – 0,40 poeng i snitt. På dei sju kampane han har spela denne sesongen, har LSK tatt 13 poeng – snitt 1,71.
Og for første gong sidan 2–0 over Brann 14. april klarte Lillestrøm å halde nullen bakover.
– I hans fråvær har vi sleppt inn 6–7 mål på markeringsfeil. No er han tilbake, og då held vi nullen. Eg trur det seier sitt om kva han betyr, sa Bjørn Helge Riise om at kapteinen var tilbake.
Med tre heimesigrar denne sesongen har Lillestrøm allereie like mange som i heile fjor.
Leiing etter tre minutt
Kampen var enno ikkje tre minutt gamal då Bjørn Helge Riise sette inn 1–0 med eit godt skot i krysset – hans første mål for sesongen. Fredrik Gulbrandsen var servitør.
2–0 etter snaue 20 minutt av andre omgang var det Fredrik Gulbrandsen sjølv som stod for, med eit skot frå rundt 20 meter. Også det var hans første mål for året.
3–0 var signert Erling Knudtzon. Han drog seg elegant fri i feltet og sette ballen i mål frå rundt 12-13 meter.
Kampen i sola på Åråsen vart aldri velspela, og det var til tider langt mellom sjansane. Men LSK hadde dei fleste, og det var heile tida lite som tydde på at Haugesund skulle klare å kome tilbake i kampen.
Artikkelen oppdateres!