– Eg har lenge håpe på Joshuas gjennombrot, som han har jobba for lenge. Det gleder meg sterkt at han fekk det til i dag, sa ein storfornøgd landslagssjef Per-Mathias Høgmo etter kampslutt.
To mål stod King med før kveldens kamp i Valletta. Der dobla han, og la også opp til Mats Møller Dæhlis leiarmål. For Dæhli var det det første på landslaget.
For Norge var det den sjette strake sigeren mot Malta. Målskilnaden er 17-1.
– Det var gøy å score, men det er viktigare at laget scorer og vinn. Det gjorde vi i dag, og laget var knallbra. Sjølv kunne eg nok ha scora to mål til, sa ein beskjeden Joshua King.
Video: Reaksjonar frå King og Dæhli
– Men dette er berre byrjinga. Det er åtte kampar igjen, og no er det Bulgaria måndag som gjeld, seier dagens tomålsscorar.
– Det blir ein heilt annan kamp. Då møter vi langt tøffare motstand, men vi har også heimebane. Eg håpar prestasjonen i dag gjør at vi får like mange på tribunen som vi hadde mot Italia, seier King.
– Blir det fleire mål av deg då?
– Eg håpar det. Men det er det same om det er eg eller Tarik eller andre som scorar.
Landslagssjef Per-Mathias Høgmo var glad og letta.
– Det kjennes godt å vinne denne kampen, det var ein litt ekkel fotballkamp. Malta kom frå to tette kampar der dei gav vekk få sjansar. Det er ein kamp der vi hadde mykje å tape. Når vi vinn såpass klart, gir det oss eit godt boost vidare, sa Høgmo.
Video: - Ein litt ekkel fotballkamp, sa Høgmo
– Eit fantastisk resultat
Dermed vart det klar norsk siger i kampen Norge måtte vinne for ikkje å kome langt bakpå i kampen om ein EM-plass.
– Det var eit fantastisk resultat for Norge, sa Molde-trenar Tor Ole Skullerud i Max-studio etter kampslutt.
– Eit godt lag skapte sjansar, og Joshua King var den dominerande spelaren, sa Skullerud.
Og med to mål er King også den mestscorande spelaren under Per-Mathias Høgmos tid som landslagssjef.
I over ein time spela Norge god fotball, skapte mange sjansar og gjorde Malta til statistar på eiga bane.
Det gir grunn til håp framfor heimekampen mot Bulgaria måndag.
– Då håpar eg mange kjem, sa Høgmo.
Ødegaard kom ikkje på banen
Joshua King var Norges mest sentrale spelar før pause, og han var sentral i det meste av offensive framstøyt i den timen det norske laget dominerte kampen. Han blei bytta ut eit kvarter før full tid.
Derimot vart det ingen kvalifiseringsdebut for Martin Ødegaard. Han sat på benken gjennom heile kampen, og må vente til møtet med Bulgaria på Ullevaal måndag for å få den neste sjansen.
– Det er ikkje skuffande å ikkje få spele. Men når ein sit på benken vil ein alltid komme inn. Men det kjem fleire sjansar, så det stressar eg ikkje med, seier Ødegaard.
– Trur du at du får sjansen mot Bulgaria?
– Det veit eg ikkje noko om.
– Martins tid kjem, sa Høgmo.
Han ville heller snakke om kampen og prestasjonen bak 3-0-sigeren på Malta.
– Vi lukkast med å lokke dei ut for å skape rom for oss sjølv. Det gav oss kontringar og rom, sa landslagssjef Per-Mathias Høgmo. – Vi fekk to tidlege mål, og det gav oss kontroll over kampen.
– No må vi halde konsentrasjonen. Vi har to raske spissar på topp, og kan gjerne slå meir inn bak forsvaret for å skape endå meir, sa Høgmo i pausen.
Tidleg sjanse
Norge tok kommandoen med ein gong, og Joshua King burde ha gitt laget leiinga før det var gått tre minutt.
Men det gjekk 22 før det skjedde. King var på veg mot avslutning, men leverte i staden til Mats Møller Dæhli, som lurte ballen inn ved nærmaste stolpe.
Tre minutt etterpå var leiinga dobbelt så stor. Denne gongen avslutta King sjølv.
Og det kunne blitt meir i denne perioden når Norge til dei grader styrte kampen. Endå ein gong var det King som spela gjennom til Tarik Elyounoussi heilt inne på streken. Elyounoussi sette ballen i mål, men linjemannen heiste flagget for ein hårfin offside.
Malta ingen trussel
Malta var ingen trussel, men fekk sin einaste sjanse i første omgang fire minutt før pause. Den tidlegare Lillestrøm-spelaren Michael Mifsud smelte til frå over 20 meter, men Ørjan Håskjold Nyland hadde ingen større problem.
Det stod dermed 2–0 ved pause etter ein omgang der Norge hadde full kontroll, og kunne scora fleire mål.
– La oss køyre på som vi har gjort, vi må ikkje la oss freiste til å legge oss bakpå, sa Tor Ole Skullerud.
Han fekk rett. Berre fire minutt var spela då King heada vakkert inn eit overlegg frå Per Ciljan Skjelbred, og 3–0.
Tarik Elyounoussi overtok som kaptein den siste halvtimen, etter at Per Ciljan Skjelbred gjekk ut.
Men frå då av sette også Norge ned tempoet, og Malta fekk låne ballen meir. Norge hadde små problem med å tett igjen, men skapte samstundes mindre enn i den første timen.
Avslutninga av kampen vart dermed nokså tam, men då var jobben allereie gjort.