Hopp til innhold

Kampen om kontrollen

ANALYSE: – Dette var ein kamp som ingen av laga kontrollerte, men som Rosenborg like fullt vann, skriv kommentator Nils Henrik Smith.

Søderlund og Ruud

Alexander Søderlund og Espen Ruud i kamp om ballen søndag.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

«Du vinn ikkje kampar ved å score mål. Du scorar mål ved å vinne kampar.»

Orda tilhøyrer den engelske fotballskribenten Jonathan Wilson, som mellom anna har skrive det taktikk-historiske verket Inverting the Pyramid. Påstanden kan, ved første augekast, framstå som sjølvmotseiande, ja reint ut sagt meiningslaus, men poenget til Wilson er at fotball først og fremst handlar om kontroll: Den som styrar det som skjer ute på banen, vil som regel – det finst, naturlegvis, talrike unnatak – kome til flest (og størst) sjansar.

Det finst elles fornuftige folk som hevdar at fotball er eit enkelt spel. Av alle klisjéar innan fotballen er dette kanskje den mest feilaktige. Fotball er naturlegvis enkelt samanlikna med kvantefysikk eller hjernekirurgi, men til eit spel å vere, er fotball faktisk uvanleg komplisert. Samanlikna med dei fleste andre lagidrettar er speleflata relativt stor, antalet aktørar er høgt, og desse aktørane har uvanleg stor fridom til å ta individuelle val i løpet av kampen. «Ein fotballkamp består av tusen små detaljar som til saman utgjer sluttresultatet», sa den store filosofen Roy Keane.

Det er her behovet for taktikk, strategi, system, formasjon kjem inn.

Rosenborg-modellen

Rosenborg og Odd er to lag som begge, i utgongspunktet, baserer seg på same spelesystem. Kåre Ingebrigtsen er ein svoren tilhengjar av den tradisjonelle Rosenborg-modellen: Soneforsvar, offensive backar, eit styrande midtbaneanker bak to energiske indreløparar, hurtige, kreative kantspelarar og ein duellsterk midtspiss. Odd-kollega Odd Eilev Fagermo er ein trufast disippel av denne modellens heilage far, Nils Arne Eggen: «4-3-3 skal jeg spille til jeg dør», har Fagermo uttalt.

Rosenborg gjorde eit aktivt val då dei tilsette Ingebrigtsen: Dei ville tilbake til røtene. Så langt har det fungert bra. Fleire spelarar har heva seg dramatisk etter trenarskiftet. Pål André Helland har omsider klart å sameine sitt ubestridelege balltalent med kontinuitet. Ole Selnӕs har tidvis tolka anker-rolla med ein slik bravur at han av somme vert samanlikna med sjølvaste Bent Skammelsrud, dirigenten på RBK sitt klassiske 90-talslag. Mike Jensen har sju målgjevande pasningar denne sesongen, mot fire totalt dei to føregåande. Det kan sjølvsagt tenkjast at dei ganske enkelt plutseleg har vorte svӕrt mykje betre fotballspelarar, men meir sannsynleg er det at framgongen skuldast det faktum at dei no opererer innføre eit system kor dei i langt større grad enn før får utløp for sine ibuande kvalitetar.

Andre Hansen

Rosenborg-keeper Andre Hansen redda straffe søndag.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Søderlund og Messi

Føremålet med all taktikk og strategi er (eller bør iallfall vere) å skape eit lag kor heilskapen er større, eller betre, enn summen av enkeltdelane. Sidan enkeltdelane, det vil seie spelarane, er ulike frå lag til lag, vil to lag som i teorien baserer seg på same system ofte kunne framstå som nokså ulike i praksis. Ein 4-3-3-formasjon kan vere like forskjellig frå ein annan som Alexander Søderlund er forskjellig frå Lionel Messi.

Så stor er ikkje forskjellen mellom Odd og Rosenborg. Men at den finst, er det sjølvsagt ikkje tvil om. Odd er eliteseriens beste innleggslag, og dette demonstrerte dei i rik mon innleiingsvis i denne kampen. Heimelaget gjekk ekstremt aggressivt ut, skapte fleire halvsjansar og ein stor sjanse, då Mikael Dorsin måtte blokkere eit skot frå Jone Samuelsen med sin mest senesterke kroppsdel.

Men så inntrefte eit typisk unnatak frå Wilson sin regel om kontroll. I motsetning til innleggslaget Odd spelar Rosenborg i større grad med innoverkantar, og sӕrleg Helland er farleg når han skjér inn i banen frå si høgreside. Ofte klarar han å skape noko med sitt tempo og finterepertoar, og viss han ikkje gjer det, får han gjerne frispark. Vi kan såleis trygt utrope han til Kyrksӕterøra sin eigen Arjen Robben. Då han vart felt i det tiande minutt, tok han frisparket sjølv, og ein forfjamsa – og litt ukonsentrert? – Sondre Rossbach kunne ikkje anna enn å slå ballen i eige nett.

Rosenborg kom meir med i kampen etter dette, og spelte i større grad slik Ingebrigtsen ynskjer, bevegeleg og med stort balltempo. Odd var likevel tidvis farlege, sӕrleg når den energiske Bentley kom fri på venstrekanten. Ein fordel med å kome til mange innlegg er jo at sjølv dei som ikkje når fram til si adresse, gjerne vert klarert til hjørnespark. At dette er ein annan Odd-spesialitet fekk vi klokkeklart demonstrert i det 27. minutt. Venstreback Grøgaard slo inn i feltet frå høgre, Oliver Occean stussa vidare, og på bakre stolpe sto Bentley heilt for seg sjølv og sette ballen i mål. At markeringsspelet til Rosenborg var under pari i den situasjonen er eit understatement. Ironisk nok hadde begge laga scora i periodar kor det andre laget var best. Kampen om kontrollen over denne kampen var på ingen måte over.

Straffe

2. omgang byrja nett som den første, bortsett frå at det no var Rosenborg som dominerte. Selnӕs, Jensen og ein svӕrt frisk Fredrik Midtsjø tok eit visst grep om midtbanen. Eit svakt punkt ved Odd sin variant av 4-3-3 er at den kan verte ein tanke føreseieleg. Vinn ball, slå ut på kant, passér back, slå inn i felt mot Occean eller ein framåtrusande midtbanespelar som Jone Samuelsen. Rosenborg innsåg etter kvart at dei ikkje kunne vente at sidebackane Dorsin og Jonas Svensson ikkje kunne ventast å halde styr på hurtigtog som Bentley og Ole Jørgen Halvorsen på eiga hand, og at ein meir fruktbar strategi ville vere å hindre ballen i å kome fram til dei. Takka vere ein midtbane kor både Selnӕs og Midtsjø spelte seg stort opp, lukkast dei til ein viss grad med dette. I det 66. minutt skulle dei hatt straffe då Espen Ruud kroppstakla Tobias Mikkelsen, men kva dommaren finn på, har ein som kjent aldri kontroll over, og Svein Oddvar Moen vinka spelet vidare.

Spelet bølgja fram og tilbake, men slik det jo gjerne er tette, jamne oppgjer, vert frykta for å tape større om ynskjet om å vinne jo nӕrare kampuret nӕrmar seg nitti minutt. Men så fekk Rosenborg straffesparket sitt, i ein situasjon som var langt mindre opplagt enn den nemnt over. Innbyttar Jørgen Skjelvik slo inn frå venstre, og Søderlund gjekk i bakken i kamp med Grøgaard. Moen meinte å sjå halding, og dermed kunne Riku Riski gjere seg klar. Rossbach fekk ei hand på ballen, men klarte ikkje halde den ute, og var svӕrt arg på seg sjølv.

Først på ballen

Når Odd hadde dødball tidleg i kampen, la Rosenborg att to mann på top, opplagt i håp om å få iverksett sitt frykta kontringsspel. Men med ti minutt att og leiing 2-1 trekte dei sjølvsagt alle, inkludert Søderlund, ned. Odd pressa, litt panisk og stereotypt til tider, men då Håvard Storbӕk kom fri i feltet, vart han felt av Holmar Örn Eyolfsson. Eller vart han no eigentleg det? For meg såg det ut som om islendingen var først på ballen.

Uansett, dommaren dømmer og det var klart for kampens store augneblink. På Rosenborg-streken sto tidlegare Odd-keeper André Hansen. Det gjekk som det måtte gå. Espen Ruud tok straffesparket, Hansen redda meisterleg og vart straks overfalt av ekstatiske lagkameratar. Det var over. Rosenborg tronar på toppen av tabellen og har no nitten kampar på rad mot Odd. Kampen var fartsfylt og underhaldande, men ga inga klar støtte til Wilsons kontrollteori. For dette var ein kamp som ingen av laga kontrollerte, men som Rosenborg like fullt vann.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

Fotball

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden