Di Matteo - Chelseas manager ut sesongen har vind i segla. Her saman med Fernando Torres.

Chelseas manager ut sesongen har vind i segla. Her saman med Fernando Torres.

Hyller trenarskiftet i Chelsea

London-laget er i storslag framfor kvartfinalen i Meisterligaen. – Roberto Di Matteo har fått gruppa til å tru på seg sjølv igjen.

SOCCER - Ramires lovprisar lagets nye manager. Her saman med Chelseas førre manager, André Villas-Boas, som fekk sparken i mars. - Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Ramires lovprisar lagets nye manager. Her saman med Chelseas førre manager, André Villas-Boas, som fekk sparken i mars.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters
FBL-EUR-C1-CHELSEA-TRAINING - – Vi har fått ny styrke og sjølvtillit etter trenarskiftet, seier Ramires. - Foto: GLYN KIRK / Afp

– Vi har fått ny styrke og sjølvtillit etter trenarskiftet, seier Ramires.

Foto: GLYN KIRK / Afp

– Vi har fått ny styrke og sjølvtillit etter trenarskiftet. Vi har begynt å innsjå at vi er eit bra lag, seier Chelseas Ramires til Independent, og understrekar at laget har endra seg stort sidan tapet mot West Bromwich 3. mars.

For bare ein månad sidan storma det nemleg hardt rundt Londons mest meritterte fotballklubb det siste tiåret.

Med femteplass på tabellen, 20 poeng bak serieleiar Manchester City, var gullambisiøse Chelsea var så å seie ute av kampen om Premier League-tittelen.

Dei blå var også på veg ut av Meisterligaen etter 3-1-tap borte mot Napoli i den første av to åttedelsfinalekampar.

I tillegg gav heldt klubben fram med å gje den tidlegare superspissen Fernando Torres tillit.

For 460 millionar kroner blei spanjolen henta inn for å styrke klubben i kampen mot fotballstormaktene i Europa, men den blonde 28-åringen klarte ikkje ein gang å score mot nedrykkskandidatane i Premier League.

Har snudd Chelsea-skuta

Svake resultat gjorde Chelsea-troppen til latter, og i media gjekk ryktet om at spelarane ikkje respekterte manager André Villas-Boas (34). Dermed tok klubbeigar Roman Abramovitsj grep, og sparka portugisaren.

I sjefsstolen sette han italienske Roberto Di Matteo, noko som har vist seg å vere eit godt val. I dei åtte kampane etter Villas-Boas-sparkinga har dei blå vunne seks, spelt uavgjort ein gang og tapt bare ein kamp.

– Vi kan vinne Meisterligaen

Etter å ha snudd trenden mot Napoli i Meisterligaen har Di Matteos menn storma vidare i Europas gjævaste klubbturnering.

Held blåtrøyene Benfica unna scoring i kvartfinale-returoppgjøret på Stamford Bridge onsdag kveld, har blåtrøyene sikra avansement. Første kvartfinalekamp enda med 1–0 siger over portugisarane.

Sjølv vil Di Matteo halde litt igjen før semifinalebilletten er sikra.

– Leiinga vi har er farleg. 1–0 halvvegs er praktisk talt ikkje noko forsprang, seier Di Matteo til Sky Sports.

Det er uansett ikkje nokon tvil om at italienaren har blåst liv i spelargruppa, som har uttala seg friskt framfor

– Vi kan vinne Meisterligaen, seier tidlegare Lyn-spelar John Obi Mikel til Chelseas klubbside.

Dette talar for Chelsea-avansement

Chelsea går til avspark med knapp eittmålsleiing over Benfica. Salomon Kalou fiksa blåtrøyenes viktige bortemål då klubbane møttest i Portugal sist.

Dette taler for at London-laget skal vinne returmøtet:

  • Chelsea har vunne tre av tre heimekampar mot portugisiske klubbar i historia.
  • Britane har bare tapt ein av totalt sju møter med portugisisk motstand.
  • Benfica har bare scora to gangar i løpet av dei tre siste bortekampane i Meisterligaen.
  • Portugisarane har bare tre sigrar på dei siste sju kampane mot engelsk motstand.

Fotballnyheter

Videoklipp