– Ein blir aldri lei av dette. Å gje noko tilbake til fansen og byen er det vi er her for, i tillegg til å hente titlar og skrive historie sjølvsagt, seier trenar Kjetil Rekdal til NRK etter hyllesten i Ålesund.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Måtte visst ta eit cupgull til
NM-vinnaren kom på scena i Ålesund seint sundag kveld.
Over sju timar etter at cuptroféet var sikra kunne dei kjenne jubelbruset ekstatiske fans.
– Eg sa førre gong at neste gong vi stod her skulle vi feire noko anna, men vi måtte visst ta eit cupgull til før vi byrjar å rote oss lenger opp på tabellen, sa Rekdal frå scena i Ålesund.
- SJÅ BILETA FRÅ GULLFESTEN I ÅLESUND
- SJÅ VIDEO:
– Ikkje stolt over å fylle 43
Etter 2-1 siger mot Brann på Ullevaal kunne trenaren senke skuldrane og nyte ein bursdagssang dei fleste bare kan drøyme om.
For på torget i Ålesund var Rekdal mannen som stod i sentrum då laget kom på scena.
– Eg er ikkje særleg stolt av at eg fyller 43 år, men eg er sjølvsagt stolt over gjengen bak meg her (Aalesund-spelarane) som har fortent å vinne igjen. Det er ikkje meir enn to år sidan sist, sa Rekdal framfor tusenvis av feststemte Aalesund-supporterar.
– Korleis har du det no?
– Dette er like rått kvar gong. Cupgull to gonger på kort tid er bare heilt fantastisk, seier Rekdal.
Les meir under biletet!
– Blir meir enn bare pærebrus
Det har bare blitt fleire og fleire bilete av jublande Aalesund-spelarar etter fest-matchen på Ullevaal.
Seint sundag starta feiringa for alvor.
– Kva direktiv har Rekdal gitt angåande festen?
– Eg trur vi får frie tøyler. Men vi skal prøve å ikkje bli heilt drita. Og Kjetil fikk jo ein kasse pærebrus i går, så eg reknar med han er nøgd også, seier Ulvestad og ler.
Kjetil Rekdal har på si side planar om meir enn bare pærebrus.
– Eg skal vel smake litt anna, smiler Rekdal til NRK.no.
- SJÅ HØGDEPUNKTA FRÅ FINALEN: