Det er Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu som er nekta visum, melder Hødd i ei pressemelding. Dermed må Hødd reise utan desse to spelarane når dei skal forsvare 1-0-leiinga frå heimekampen i førre veke.
– Det er beklageleg. Vi har gjort kva vi har kunna, men dette er det ikkje vi som styrer. Dette er nasjonane sjølve som styrer med, seier konkurransedirektør Nils Fisketjønn i Norges Fotballforbund til NRK.
Direktør Bjørn Klubbenes i reisebyrået Via Egencia seier at dei ikkje har fått oppgitt nokon grunn for avslaget, trass fleire førespurnader til den kasakhstanske ambassaden.
– Etter at vi leverte inn visumsøknadene fredag 13.7. har vi følgt opp inn mot ambassaden for å sikre at alt såg greitt ut, og tilbakemeldingane har vore at alt er ok.
– Vi har levert alt av dokumentasjon innan fristen og alt av papir skal vere i orden. Vi har gjort det som står i vår makt for å få dette til, skriv Klubbenes i pressemeldinga.
Det er første gong Fisketjønn opplever at spelarar blir nekta innreise til eit anna land i samband med kamp.
– Vi har hatt utfordringar med visum før, men vi har alltid klart å løyse det.
– Kan de følgje dette oppå nokon måte?
– Vi kjem nok til å ta det opp med UEFA etter kampen, på generelt grunnlag. Det er nok ikkje berre vi som opplever dette, dessverre, seier Nils Fisketjønn.
– Er det mogeleg å nekte å spele mot lag frå land som ikkje gir grunngitt avslag?
– Nei, dette er land som er fullverdige medlemmer av UEFA, så det må vi berre akseptere.
Også to Hødd-supporterar fekk avslag på sin søknad, av ukjend årsak.
Fotballforbundet og UEFA har også vore involverte, men utan suksess. NFF skal på nytt ta opp problemstillinga med UEFA.
Hødd reiser frå flyplassen på Vigra tidleg onsdag morgon.
Verken dagleg leiar Andre Nevstad eller trenar Lars Arne Nilsen ønskjer å kommentere saka yterlegare overfor NRK i kveld.