Hopp til innhold

Her bryt Bosman saman, 20 år etter han revolusjonerte fotballen

Sjokk, vantru, dommedagsstemning – og jubel. 15. desember var det 20 år sidan dommen som skulle endre europeisk fotball for all framtid.

Bosman

Jean-Marc Bosman

GLAD: Fem år tok det før Jean-Marc Bosman vann fram med si sak og skapte panikk i europeisk fotball

Foto: STF / AFP

15. desember 1995: Det er ein mørk og kald førjuls-ettermiddag, og europeiske fotballeiarar er paralyserte og i sjokk. Dommedag er komen, trur dei. Fotballutviklinga er ute av kontroll – for klubbane og UEFA.

For spelarane er det julekvelden.

EU-domstolen har nemleg nettopp bestemt at spelarar skal få gå gratis frå ein klubb til ein annan når kontrakten har gått ut, og at klubbane ikkje lenger har lov til å avgrense talet på utanlandske spelarar frå EU/EØS-området.

Det er ein 31 år gammal belgisk spelar som er årsaka til jordskjelvet. Jean-Marc Bosman har for all ettertid gitt namn til omgrepet «bosman-spelar».

Emosjonelt møte med Bosman

Han har fylt 51 når NRK møter han på FIFPros 50-årsmarkering i Amsterdam. FIFPro er spelarorganisasjonen som støtta Bosman under avslutninga av rettsprosessen.

Det skal bli eit emosjonelt og tårevått møte. For livet har ikkje vore lett for belgiaren i åra som har gått. Verken jobbmessig eller i privatlivet.

Men han er glad for å ha vore med på å gi Bosman-regelen til fotballen.

– Om ti år kjem folk framleis til å hugse Bosman-dommen. Men etter at eg begynte kampen, ville ikkje klubbane ha noko med meg å gjere, seier Bosman.

Kampen begynte då Jean-Marc Bosmans kontrakt med Standard Liege gjekk ut. Bosman ville gå til franske Dunkerque. Men klubbane vart ikkje samde om overgangssummen.

Liege kravde fire gonger så mykje som dei hadde kjøpt Bosman for, samstundes som dei reduserte lønna hans til ein firedel.

Forstod at karrieren var slutt

Jean-Marc Bosman 1995

SPENT: Jean-Marc Bosman i rettsalen i Luxemburg i 1995, ventande på dommen som skulle få så stor betydning for europeisk fotball

Foto: Reuters / Reuters

– Eg gjekk rettens veg. Klubben ville ikkje la meg spele, seier Bosman.

I EU fekk han gehør. For var ikkje fri flyt av arbeid og tenester ein grunnstein og eit ufråvikeleg prinsipp i EU-samarbeidet?

Seks månader etter at tvisten oppstod, blei han likevel løyst frå kontrakten ved ein førebels dom.

– Eg skreiv til mange klubbar i Belgia og Frankrike og spurde om eg kunne få prøvespele. Men fekk berre til svar at enten var stallane fulle, eller om dei tok meg inn, ville eg uansett blitt berre sjette-, sjuande- og åttandeval på min posisjon på laget.

Då forstod eg at den aktive karrieren min var over.

Han er ikkje nøgd med utviklinga etter dommen.

– Det blei eit enormt press frå klubbane, og i 2001 tok EU-kommissæren og FIFA-president Blatter kvarandre i handa og gjorde ein avtale. Overgangssystemet var i realiteten gjeninnført, seier Bosman.

– Har fotballen blitt heilt crazy?

– Eg synest det er heilt vilt.

Alkoholisme og fengsel

EU-dommen var hans største siger. Åra etterpå har derimot ikkje vore gode.

Pengane han sat att med som kompensasjon for sakskostnadene, saman med det han fekk frå spelar-organisasjonane, mista han i uheldige investeringar. Mykje av det gjekk også til advokatar og skatt.

Ein veldedighetskamp mellom Barcelona og eit samansett lag vart det ingenting av, og Bosman fekk alkoholproblem.

I 2013 vart han også dømd til eit års fengsel for vald mot eks-kjærasten. I dag bur han i ein garasje i byen Charleroi i Belgia.

– Mykje av det som er sagt og skrive i media om mitt privatliv, er feil, seier han, og vil ikkje gå nærmare inn på det. – Mykje, seier han berre. Han blir tjukk i røysta og må ta ein pause.

– Eg har to barn på fire og seks år, og vil sjå dei vekse opp lykkelege. Og eg skulle ønskje dei fekk sjå Bosman-dommen stå der, kvit og rein.

Så bryt han saman i gråt framfor NRKs kamera. Vi må ta ein pause i intervjuet.

– Var resultatet verdt kampen?

– Eg trur eg skapte glede for eit tital millionar menneske i fotballverda. Det er nok til sjuande og sist det som blir att etter meg, seier Jean-Marc Bosman.

Store konsekvensar

Bosmans kamp og siger har nemleg verkeleg sett spor etter seg i åra som har gått etterpå. Dommen snudde europeisk fotball opp-ned på ein måte som ingen annan har klart. Og på ein måte som har prega fotballen heile tida sidan.

– Konsekvensanse vart enorme. No kunne spelarane gå til ein ny klubb etter at kontraktstida var ute, og det tapte sjølvsagt klubbane pengar på: Dei beste spelarane og agentane har tent på det, seier professor Hallgeir Gammelsæter ved Høgskolen i Molde.

– Ein annan konsekvens var at dei nasjonale kvotane på laga vart oppheva. Det har nok mest gått ut over spelarutviklinga i rike land, medrekna Norge, seier Gammelseter til NRK.

– Korleis har norske klubbar kome ut?

– Sidan vi i europeisk samanheng er små, har vi også kome dårleg ut. Våre klubbar er kommersielt lite interessante i den europeiske marknaden, seier Gammelsæter.

– EU var lite interessert

Gammelsæter

«GENTLEMEN'S AGREEMENT»: - EU hadde ingen idrettspolitikk, og var ikkje interessert i å gripe inn, seier professor Hallgeir Gammelsæter

Bosman hadde støtte av spelar-fagforeiningane, som hadde uttrykt misnøye med det gamle systemet lenge, og som no såg sjansen til å endre det gjennom rettssystemet.

15. desember for nøyaktig 20 år sidan kom gjennombrotet i EU-domstolen: Kontraktslause spelarar var brått heilt fri til å skrive nye kontrakter der dei ville innan heile EU og EØS. Utan at den tidlegare klubben kunne krevje ei einaste krone.

– EU var eigentleg ikkje så interessert i å gripe inn og gjere noko med det eksisterande overgangssystemet. EU og UEFA hadde ein «gentleman's agreement» om avgrensa tal utlendingar. EU hadde ingen idrettspolitikk, fortel Gammelsæter.

– Men så trekte Bosman problemet for retten, og dermed kom jussen inn. Utan at Bosman hadde gått til sak, er det ikkje sikkert EU hadde gjort noko, seier han.

Video: Slik vart Bosman-dommen meldt i Dagsrevyen 15. desember 1995:

Sak fra Dagsrevyen 01.12.15. EU-domstolen har bestemt at overgangssystemet i europeisk fotball er i strid med regelen om fri flyt av arbeidskraft innen EU og EØS. Dermed kan fotballspillere gå gratis til hvilke klubber de vil etter at kontrakten er
utløpt.

Brot i Palace-forhandlingar

For spelarane var det ein revolusjon. Dei var ikkje lenger bundne til klubben i same grad som før.

– Ja, det var heilt klart ein revolusjonerande siger, seier Joachim Walltin, leiar i den norske fagforeininga for idrettsutøvarar (NISO) og styremedlem i den internasjonale spelarorganisasjonen FIFPro.

Leif Erik Andersen var den første norske spelaren som fekk merke konsekvensar av dommen. Og Mosse-spelaren var ikkje eingong kontraktslaus.

Då dommen fall i 1995 var han nær kontrakt med Crystal Palace. Like før jul skulle han reise over for å sluttføre forhandlingane.

Måndagen etterpå gjekk Palaces styreformann Ron Noades ut og sa at klubben ville trekkje seg frå avtalen.

– Vi fekk beskjeden, men eg oppfatta det som eit forhandlingsutspel, seier Andersens agent, Lars Erik Fosdahl, til NRK.

Nervøse klubbar

– Eg fekk telefon frå Steve Coppell (Palace-manager) som sa at det kom til å dra litt ut, men at kontraktsforhandlingane truleg ville bli tekne opp att. Det blei dei også, og allereie tidleg i januar var kontrakten underteikna, seier Fosdahl.

Einaste skilnaden var at Moss fekk nokre hundre tusen kroner mindre enn i det første kontraktsutkastet.

Starts Erik Mykland

FØRSTEMANN: Erik Mykland blei Norges første Bosman-spelar då han gjekk gratis frå Start til Linz i 1996

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Slik sett var ikkje han nokon Bosman-spelar etter dagens betydning. Men dommen skapte stor nervøsitet hos klubbane den første tida, når ingen kunne vite konsekvensane, seier Fosdahl.

Derfor sat skrekkslagne fotballeiarar og visste verken ut eller inn etter kunngjeringa av dommen denne førjulsfredagen. Det einaste dei visste, var at fotballverda aldri meir skulle bli det same.

Den aller første norske spelaren som blei seld som Bosman-spelar, var Erik «Myggen» Mykland. I 1996 gjekk han gratis frå Start til den austerrikske klubben Linz.

Flaum av spelarar frå Island

Men det var spørsmålet om kor mange utanlandske spelarar ein klubb kunne ha i stallen, som var den største endringa den første tida.

– Plutseleg fløymde det av spelarar som hadde blitt kontraktslause i heimlandet, seier Fosdahl, som sjølv reiste til Island og tok til å sende spelarar derfrå til Norge.

– I løpet av kort tid var det nok 20-25 islendingar i norsk fotball. Før Bosman-dommen var det nesten ingen utlendingar i det heile, seier han.

Edgar Davids

FØRST UT: Nederlendaren Edgar Davids var den første europesiek stjernespelaren som drog nytte av Bosman-dommen. Han gjekk gratis frå Ajax til Milan

Foto: DAVID AUGUSTO / AP

Konsekvensane av Bosman-dommen let ikkje vente lenge på seg. Nederlands Edgar Davids var den første stjernespelaren som gjorde seg nytte av dommen, og gjekk gratis frå Ajax til Milan sommaren 1996.

Han var på Ajax-laget som vann meisterligaen året før, og klubben hadde sett føre seg store inntekter ved salet av Davids.

Ein annan konsekvens av FIFA-dommen er at det til ei kvar tid er mange spelarar som er utan kontrakt. FIFPro har dei siste åra arrangert turneringar for Bosman-spelarar.

Ikkje berre Bosman

Hallgeir Gammelsæter meiner likevel at også andre faktorar enn Bosman-dommen har spela sterkt inn på utviklinga fotballen har vore gjennom dei siste 20 åra.

– Bosman-dommen er ein av tre hovudfaktorar, slik eg ser det, så det er vanskeleg å seie akkurat kor mykje den har hatt å seie. Endringar i medielandskapet og i liberaliseringa av økonomien er to andre sterke faktorar.

For rundt 1990 endra mediepolitikken seg i mange land, samstundes som teknologien gjorde at mange fleire aktørar – tv og seinare andre plattformer – kom til, og brukte fotballen til å bygge seg opp.

– Og ei tredje endring er det vi kan kalle liberaliseringa av økonomien – eller svekkinga av solidaritetordningar. Det inneber at sjølv om dei aller fleste har fått meir pengar, får vinnarane mest, og avstandane mellom dei store og dei mindre har auka, seier han.

– Desse faktorane har spela saman, og har på ulike måtar bidratt til å auke gapet mellom store og små klubbar og nasjonar, seier Hallgeir Gammelsæter.

For Jean-Marc Bosman sjølv er alt dette historie.

– No er eg ferdig med Bosman-dommen. Eg har gjort mitt, seier han til slutt. No håpar han at han får jobbe for FIFPro.

Fotball

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden