– I dag gjer vi ein jobb som er heilt fantastisk. Vi skulle først og fremst forsvare oss og sette i gang raske kontringar, og det gjekk over all forventning. Vi fekk tidleg 2-0, og då visste vi at dei måtte jobbe for å kome tilbake. Det klarte dei ikkje, og når vi kunne setje inn friske bein på slutten, hadde vi grepet på dei, sa Hareide til TV6.
Han var imponert av to av måla.
– Magnus Erikssons mål (2-0) er eit av dei beste i Europa. Og Markus Rosenbergs siste (3-0) var til å få hjarteattak på, sa ein veldig glad og letta Hareide.
Hareides lag gjennomførte ein perfekt kamp. Dei tok initiativet i spelet tidleg i kampen, og godt forsvarsspel med fine kontringar i andre omgang. Samanlagt vann Malmö 4-2 og er dermed i meisterligaen for første gong.
– Dette er fantastisk betydningsfullt for både Malmö og svensk fotball, sa den tidlegare svenske landslagssjefen Lars Lagerbäck i TV6-studio medan spelarane og fansen jubla hemningslaust.
Eriksson bak to mål
Magnus Eriksson var sentral i begge scoringane i første omgang, som kom med sju minutts mellomrom i tidleg i kampen.
Først vart han felt av Salzburgs keeper, og Markus Rosenberg sette inn straffesparket. Så var Eriksson sjølv på rett plass og sette inn det andre.
– Dette har Åge mykje av æra for. Han har erfaringa og han veit kva han skal gjere, sa Rosenberg om Hareide etter kampen.
Emil Forsbergs redusering på overtid i den første kampen, som Malmö tapte 2-1, gav Hareides lag eit godt håp før returkampen i Skåne i kveld. Då Rosenberg sette inn straffa, var derfor Malmø i føringa på bortemål. Om med 2–0 for kvelden tvinga dei Salzburg til å angripe for å skaffe ekstraomgangar.
Etter pause pressa gjestene sterkt, og kunne fått straffe for ein hands midt i omgangen. Men dommaren dømde ikkje, og Malmø forsvarte seg godt.
Praktfull kontring
Seks minutt før full tid fall avgjerda. Innbytar Simon Kroon vart spela flott gjennom, men i staden for å skyte, la han inn til Markus Rosenberg som kaldt trilla ballen inn til 3–0.
– Eg hadde god plass og ville ikkje misse den. Så fekk eg ein litt dårleg touch, men det gjekk bra likevel, sa Rosenberg om scoringa.
Malmö har elles ei stor europacup-historie. I 1979 kom dei heilt til finalen i dan gamle serievinnarcupen, der det vart tap 1–0 for Brian Cloughs Nottingham Forest. Trevor Francis scora målet.
Så langt når dei neppe i år. Men det kan bli mykje moro i gruppespelet. Gruppene skal trekkjast i morgon klokka 17.45.