- KAMPFAKTA: Start - Tromsø 2-2 (0-0)
– Han er flink til å gjere seg spelbar. Det luktar mål av Morten. Han scorar mykje på trening og då kjem det som regel i kamp også, seier Tromsø-trenar Agnar Christensen til NRK.
Laurdag scora Moldskred sesongens første mål då han sende Tromsø i leiinga 2-1 mot Start på Sør Arena.
– Meir å gå på
Moldskred utnytta ein feil i Start-forsvaret og kunne enkelt setje ballen i eit tomt Start-bur, etter at også Start-målvakt Håkon Opdal var sett ut av spel.
– Eg har sikkert meir å gå på, men det går bra om dagen og eg trenar godt. Det er mange spelarar på laget som vil spele, så det er berre å stå på, seier Moldskred.
I slutten av januar vart sunnmøringen fristilt frå danske AGF Aarhus etter ein sesong i den danske toppklubben. Ein sesong som var prega av skader.
– Bittert
Det vart til slutt 2-2 på Sør Arena, etter at Gudmundur Kristjansson utlikna for vertane.
– Sidan vi leiar 2-1 er det sjølvsagt litt bittert at vi ikkje klarar å halde heilt inn. Vi skulle gjerne hatt tre poeng, seier Tromø-spissen.
No er den tidlegare Rosenborg-spelaren glad for å vere tilbake i Tromsø. Sist han var i klubben scora han 29 mål på 76 kampar.
– Det var eit langt år i fjor og eg er veldig glad det ordna seg med Tromsø, seier han.
Var aldri i tvil
Trenar Agnar Christensen var aldri i tvil om spissen skulle komme tilbake i godt gammalt slag.
– Det har vi vore ganske sikre på. Når du trivst godt og har det bra er det lettare å spele fotball, seier han.
Sjølv vil ikkje spissen avsløre om han har sett seg mål om kor mange scoringar han vil putte denne sesongen.
– Det er ikkje viktig kven som scorar, så lenge vi vinn kampane, smiler han.
Tabbar øydela for Start
Start-trenar Mons Ivar Mjelde var brukbart nøgd med uavgjort mot Tromsø.
Likevel tykte han det var bittert å avgi poeng sidan laget tok leiinga tidleg i andre omgang.
– Det er litt skuffande å stå att med eitt poeng når vi tek leiinga. Men det var ein kamp med få sjansar. Det snur fort i fotballen, seier Mjelde til NRK.
På utlikninga tapte ein Start-forsvarar ein hovudduell. Dermed stod Miika Koppinen heilt umarkert og kunne enkelt setje inn 1-1.
– Sterkt å komme tilbake
Berre to minutt seinare var det rot i Start-forsvaret som gjorde at nemnde Moldskred sende bortelaget opp i leiinga.
– Plutseleg tapar vi ein duell. Så er det kommunikasjonssvikt. Då er det sterkt av oss å komme tilbake. Det vitnar om moral og styrke. Vi er halvnøgde, seier han.
– Feil kan skje i fotball og uheldigvis skjedde det oss i dag. Vi møter tøffe duellspelarar og tøffe lag. Vi må berre gjere så godt vi kan, seier Mjelde.