– Skal du vere med på reisa så må du vere med på utviklinga. Det er både spanande og krevjande. Du må berre puste ut - og gje gass, seier Roger Grubben til NRK.
Må halde seg frisk
47-åringen er ein av Bjørndalens mest fortrulege menn. Og har i mange år vore ein viktig støttespelar til tidenes skiskyttar.
Grubben gav seg som landslagtrenar etter 2014-sesongen. Men har likevel hatt nær kontakt med evigheitsmaskina frå Simostranda dei to siste sesongane.
Og no blir Grubben ein samtalepartnar for Bjørndalen i to nye år.
– For meg personleg betyr det at eg er nøydt til å utvikle meg vidare som trenar om han skal ha meg i to år til. Eg har ikkje noko val. Ellers blir du ein bremsekloss i hans søk etter utvikling, seier Grubben.
Bjørndalen held fram til OL i 2018. Måler er å prestere på toppnivå. Men fortsatt må mykje klaffe skal 42-åringen lukte på medaljar, meiner Grubben.
– Det blir endå mer utfordrande for han å halde seg frisk. Han kan ikkje gjenta sommaren i fjor for mange gongar (Bjørndalen sleit med bakterie - og luftvegsinfeksjon). Han må halde seg frisk og skadefri. Det er det viktigaste.
– Held han seg frisk er eg ikkje redd for at treningsarbeidet ikkje er godt nok. Då gjeld det berre for oss å gjere fornuftige og rette val for kva han treng for å vere på sitt beste i OL, seier Grubben.
(Saka held fram etter bildet)
Knallharde prioriteringar
NRKs skiskyttarekspert Liv Grete Skjelbreid meiner det er Bjørndalens evne til aldri «å sjå seg tilbake» som gjer at han klarar å prestere år etter år.
– Det ikkje mange som har strekt grensene som han. Han er i ein alder der det er utfordrande og motiverande å finne ut kva som fungerer - og ikke fungerer. Det å klare å vere like god som han var for tjue år sidan. Mykje av motivasjonen ligg i at han er nyfiken, meiner Skjelbreid.
Roger Grubben er klar til å ta fatt på to nye år der "vegen blir målet".
– Han har gjort knallharde prioriteringar. Og dette kostar på mange måtar. Han ligg i grenseland av kva han tåler treningsmessig for å kunne utvikle seg vidare.
– Du veit aldri om han kan vidareutvikle seg - eller om kroppen synes at nok er nok. Samtidig er han så godt trent fordi han har levd livet sitt så profesjonelt og bra i mange år. Den biologiske alderen er i alle fall ikkje eldre enn det han er, seier Roger Grubben.