Kriga seg tilbake til topps

MARIENLYST (NRK.no): Godset-målshow hindra Sogndal-rekord. – Det beste laget vi har møtt i år, seier Sogndal-trenaren.

Godset

Alexander Aas jublar etter å ha scora Strømsgodsets andre mål mot Sogndal. Drammenslaget tok med triumfen tilbake tabelltoppen i eliteserien.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Kilde: NRK/NTB

Dio

Adama 'Dio' Diomande sette spikaren i kista med 3-0-scoringa mot Sogndal.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix
Jonas Olsson

– Eg løftar på hatten for Strømsgodset, sa ein imponert Jonas Olsson.

Foto: Øystein Ølstad Hjetland / NRK
Godset-trener Ronny Deila.

Ronny Deila kan feire ny tabelltopp etter triumfen søndag.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– Eg løftar på hatten for Strømsgodset. Dei vann fortent, sa Sogndal-trenar Jonas Olsson etter kampen.

Eit Sogndal på rekordjakt hadde alt å krige for i det mykje overraskande toppoppgjeret med Strømsgodset på Marienlyst-graset i Drammen.

  • Med triumf kunne laget, som mellom anna har rysta Rosenborg med uavgjort på Lerkendal denne sesongen, hovere over å vere eliteseriens beste lag poengmessig.
  • I tillegg kunne dei skrive seg inn i klubbhistoria som Sogndal-mannskapet med flest strake kampar utan tap i eliteserien. Laget hadde før kampen allereie tangert rekorden på sju nederlagsfrie oppgjer på rappen frå 2002/2003-sesongen.

Men det magiske talet åtte - ei utrulege rekka utan tap for Sogndals del - kom aldri.

Det sørga først og fremst Godsets Alfred Sankoh og Alexander Aas for.

Sjanselause vestlendingar

På eit maikaldt Marienlyst varma midtbaneprofilen Sankoh heimepublikumet med giftige forsøk i første omgang.

***32 minutt: Sankoh får verkeleg testa Sogndal-keeper Kenneth Udjus. Frå 18 meter klinkar han til, men ballen går i stolpen.

***42 minutt: Alexander Aas skyt, returen går til Alfred Sankoh som styrer ballen inn til 1-0 for heimelaget.

– På stillinga 0-1 hadde vi ein 100-prosentsjanse som burde gitt utlikning. I 2. omgang blei vi springande mykje mellom, og måtte jage ballen mot eit ballsikkert lag, sa Sogndal-trenaren.

– Slik eg ser det er Godset det beste laget vi har møtt i år, sa Olsson, som tidlegare har leia dei kvitkledde til siger mot Molde tidlegare denne sesongen.

General Aas la på i viktig periode

Nemnde kaptein Aas viser seg å vere ein viktig figur i Strømsgodset-troppens triumfferd i toppen av eliteserien.

– Han er ein leiar, og samlar gjengen her. Det er ei utfordring å ikkje ha han med, sa trenar Ronny Deila då midtstopparen var ute etter å ha blitt banka opp på byen tidlegare denne sesongen.

Mot Sogndal la generalen på til 2-0 etter timen spelt, og viste med det kor viktig han er som styrmann i periodar der motstandarane er farleg frampå.

Denne delen av kampen var nemleg bortelagets beste.

Deila: – Det beste grunnspelet i serien

Med nedsablinga av Sogndal luktar det farleg fotball av laget frå Drammen.

Etter 3-0-scoringa frå innbytar Dio kunne laget konstatere at dei no står med heile 12 kampar utan heimetap i serien.

For vestlendingane rauk sjansen til å ta ein sensasjonell tabelltopp. Slukøyra måtte dei gå av bana, og vite at dei var sjanselause på «Gamle Gress».

Og med Godsets heimestatistikk er det kanskje ikkje så rart at akkurat dei no er Norges beste eliteserielag, med 16 poeng etter sju serierundar.

– Toppnivået vårt var høgt også i fjor, men i år er botnnivået høgare. Vi er audmjuke og prøver å halde fokus på å ta ein kamp om gangen. Når det er sagt, så meiner eg vi har det beste grunnspelet i eliteserien, sa SIF-trenar Ronny Deila etter oppgjeret.

Fotballnyheter

Videoklipp

Pressekonferanse med Liverpools manager, Brendan Rodgers.

Rodgers har ikke gitt opp Balotelli

Pressekonferanse med Liverpools manager, Brendan Rodgers.

Se hele pressekonferansen her.

Ødegaards farvel med Strømsgodset

Se hele pressekonferansen her.

Det verste oppstyret har lagt seg i den spanske hovedstaden etter avdukingen av Martin Ødegaard i går. I dag sa Real Madrid-trener Carlo Ancelotti at den norske tenåringen kan få A-lagsdebuten allerede i løpet av 2015. Reporter: Olav Traaen, redigerer: Peder Bergholt

Ødegaard kan spille på a-laget allerede i år.

Det verste oppstyret har lagt seg i den spanske hovedstaden etter avdukingen av Martin Ødegaard i går. I dag sa Real Madrid-trener Carlo Ancelotti at den norske tenåringen kan få A-lagsdebuten allerede i løpet av 2015. Reporter: Olav Traaen, redigerer: Peder Bergholt

I dag hadde Tom Nordlie sin første trening med Avaldsnes etter at han tok over som trener.

Nordlies første trening med Avaldsnes

I dag hadde Tom Nordlie sin første trening med Avaldsnes etter at han tok over som trener.