Problemet er at varmerøra under Lerkendal kunstgras trøblar. Det gjer bana langt frå optimal, og potensielt farleg når temperaturen blir låg.
– Det er ikkje aktuelt å spele mot Kristiansund på ei hard og glatt bane, sa Per Joar Hansen til Tidens Krav onsdag.
Rosenborg og Kristiansund skulle etter planen møtast fredag klokka 14.00.
– Ikkje noko utbytte
Det var sagt at dersom gradestokken kraup under 10 minusgrader, ville kampen bli utsett eller avlyst. No er kampen utsett til førstkomande tysdag.
– Det er spådd rundt 10 minusgrader, og det kan bli kaldare, fortel Kristiansund-trenar Geir Bakke.
– Eg har prata med Rosenborg dei siste dagane, og dei slit med å varme opp bana nok til å vere mjuk nok for spel. Då blir det ikkje noko utbytte for nokon av laga.
På tysdag skal det derimot bli plussgrader på dagtid.
– Ifølgje Yr.no blir det eit veldig vêrskifte tysdag, slår Bakke fast.
- Les også:
Saka held fram under bildet.
Stor entusiasme
For Kristiansund blir kampen mot Rosenborg ein verkeleg test. Dei blei klare for 1. divisjon etter opprykkskamp i mange år, og har forsterka laget med mange mann.
– Det ser veldig bra ut no. Vi har fått ein fin start, med ei spelargruppe der entusiasmen er stor. No kjem Roger Risholt òg inn, ein spelar som har vore med i gamet ei stund.
Risholt er for veteran å rekne, og signerte for KBK onsdag. Han kan kanskje vere den siste signeringa deira.
– Eg er fornøgd med stallen eg har no, sjølv om det kanskje kunne vore gunstig med éin forsvarsspelar til. Så kanskje får vi inn éin spelar til, fortel Bakke, som òg ser lyst på stadionframtida.
- Les også:
Spelarar inn for Kristiansund så langt er Jean Alessane Mendy frå Elverum, Dan Peter Ulvestad frå Herd, Andreas Aalbu frå Bærum, Elias Valderhaug frå Molde (utlånt til Kongsvinger i fjor), samt Roger Risholt frå GIF Sundsvall. I tillegg kom Sverre Økland til klubben i fjor haust.
– Ikkje overraskande
No blir det forhåpentlegvis kamp mot Rosenborg tysdag, noko KBK -trenaren ser fram til. Det gjer også RBK-trenar «Perry» Hansen, som skryt av Bakke.
– Dei har ein svært dyktig trenar i Geir Bakke. Det er ikkje overraskande at Kristiansund har kome seg opp i 1. divisjon.
- Les også:
- Les også: